Nyheiter
Ramma for bustadlån aukar frå 2,3 til 2,8 millionar
Kor mykje bustadlån du kan få som medlem i SPK, skal aukast frå 2,3 til 2,8 millionar kroner.
Publisert 29.05.2026
Vi opnar ikkje opp for at medlemmene våre kan søke om ny låneramme før etter godkjenning i Stortinget.
Stortinget vil behandle dette i eitt av dei siste møta sine før sommarferien i slutten av juni, og vi oppdaterer nettsidene våre så snart dette er på plass.
Den kommande auken i lånebeløpet vart kjend fredag 29. mai. Staten vart då samd med LO stat, Akademikerne, Unio og YS Stat om lønnsoppgjeret.
Dette er eit hovudoppgjer, der partane i staten har forhandla om økonomi og alle elementa i hovudtariffavtalen – inkludert ramma for bustadlånet frå SPK. Resultatet skal nå til uravstemming blant medlemmene.