Pensjonane aukar frå 1. mai
Trygdeoppgjeret for 2026 er klart. Grunnbeløpet aukar med 4,91 prosent. Alle med pensjon får etterbetaling i juli.
Grunnbeløpet i folketrygda blir sett til 136 549 kroner med verknad frå 1. mai 2026, ein auke på 4,91 prosent.
Endringa har noko å seie for pensjonar og andre beløp som tek utgangspunkt i grunnbeløpet. Reguleringa skal bidra til at desse følgjer lønns- og prisutviklinga i samfunnet, slik at kjøpekrafta blir halden oppe over tid.
– Når grunnbeløpet aukar, får du meir i pensjon, seier Svein Rasmussen, pensjonsekspert i SPK.
Slik aukar pensjonane frå 1. mai
Alderspensjon, AFP og tidlig-/særalderspensjon frå SPK aukar med 4,69 prosent. Det same gjeld etterlatnepensjon til dei som har fylt 67 år.
Uførepensjon og etterlatnepensjon til dei under 67 år, aukar med 4,91 prosent.
– Forskjellen kjem av ulike reglar for regulering. Uførepensjon og opptent alderspensjon blir regulert med grunnbeløpet, medan alderspensjon under utbetaling blir regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, forklarer Rasmussen.
Reguleringa gjeld frå 1. mai, og blir utbetalt i juli. Dei som har pensjon frå SPK får både den nye, auka pensjonen og etterbetaling for mai og juni i juli-utbetalinga.
Nokre får ein annan prosentsats
Dei som har som starta uttak av alders-, AFP- eller særalderspensjon i løpet av det siste året, får ein lågare prosentvis auke enn 4,91.
– Det første året etter at pensjonen startar, blir auken berekna litt annleis. Da blir den justert etter kor mange månader du har fått pensjon, seier Rasmussen.
Andre pensjonar og ytingar kan følgje andre reglar. Sjå spk.no/regulering for nærare forklaring.
Faktaboksar
Om trygdeoppgjeret og reguleringa
Trygdeoppgjeret er den årlege reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda og løpande pensjonar. Det skjer kvar vår med verknad frå 1. mai. Grunnbeløpet (G) blir brukt til å berekne mange ytingar frå folketrygda og offentleg tenestepensjon. Alderspensjon under utbetaling blir regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, medan uførepensjon og opptent alderspensjon blir regulert i takt med grunnbeløpet.
Så mykje aukar pensjonane
Merk: Beløpa er før skatt.
AFP
Dette blir ny pensjon om han var 30 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 31 407 kroner frå 1. mai.
- Det er 1 407 kroner meir per månad og 16 884 kroner meir i årleg pensjon.
Dette blir ny pensjon om han var 40 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 41 876 kroner frå 1. mai.
- Det er 1 876 kroner meir per månad og 22 512 kroner meir i årleg pensjon.
Samla alderspensjon frå SPK og Nav
Dette blir ny pensjon om han var 27 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 28 266 kroner frå 1. mai.
- Det er 1 266 kroner meir per månad og 15 192 kroner meir i årleg pensjon.
Dette blir ny pensjon om han var 37 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 38 735 kroner frå 1. mai.
- Det er 1 735 kroner meir per månad og 20 820 kroner meir i årleg pensjon.
Uførepensjon
40 % uførepensjon:
Dette blir ny pensjon om han var 14 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,91 prosent til 14 687 kroner frå 1. mai.
- Det er 687 kroner meir per månad og 8 244 kroner meir i årleg pensjon.
100 % uførepensjon:
Dette blir ny pensjon om han var 4 000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,91 prosent til 4 196 kroner frå 1. mai.
- Det er 196 kroner meir per månad og 2 352 kroner meir i årleg pensjon.
Trygdeoppgjeret 2026 – kort sagt
- Nytt grunnbeløp: 136 549 kroner (+4,91 %)
- Alderspensjon, AFP, særalderspensjon: +4,69%
- Uførepensjon og etterlatnepensjon under 67 år: +4,91 %
- Virkningsdato: 1. mai 2026
- Etterbetaling: i juli-utbetalinga
Lenker til meir informasjon
- Regjeringas pressemelding om trygdeoppgjeret
- Meir om regulering av pensjon: spk.no/regulering