Etterbetalt lønn reduserer ikkje lenger uførepensjonen din
Frå og med inntektsåret 2025 skal ikkje etterbetalt lønn føre til at uførepensjonen din blir redusert. Dette gjeld viss lønna eigentleg skulle vore utbetalt eit tidlegare år.
Den nye regelen er innført av styresmaktene etter innspel frå oss i SPK, og den gjeld for deg som mottar uførepensjon frå ei offentleg tenestepensjonsordning og jobbar ved sida av.
Når kan uførepensjonen bli redusert?
Uførepensjonen din kan bli redusert om du tener meir enn inntektsgrensa di. Alle som får uførepensjon frå oss, har ei inntektsgrense som er ulik frå person til person.
Kvart år sjekkar vi om du har fått rett uførepensjon ut frå inntekta du faktisk hadde. Denne sjekken blir kalla etteroppgjer. Vi gjer etteroppgjeret når skatteoppgjeret ditt for året før er klart.
Les meir om etteroppgjør for uførepensjon
Viser etteroppgjeret at du har fått for lite utbetalt, etterbetaler vi. Har du fått meir utbetalt enn du skulle, fordi du tente meir enn venta, må du betale tilbake det som er for mykje utbetalt.
Men av og til kan årsinntekta di vere høgare enn den eigentleg er, til dømes når eit lønnsoppgjer blir forseinka.
Døme: forseinka lønnsoppgjer
I lønnsoppgjeret for 2024 i statleg sektor fekk mange lønnsauken for 2024 utbetalt først i 2025. Det betyr at lønn som eigentleg gjaldt året før, vart registrert som inntekt i 2025.
For deg som har uførepensjon, kunne dette tidlegare få uheldige konsekvensar. Inntekta di for 2025 kunne bli høgare, sjølv om du ikkje hadde jobba meir. Då kunne uførepensjonen bli redusert på grunn av lønn som eigentleg høyrde til eit tidlegare år.
Den nye regelen gir eit meir korrekt etteroppgjer
Den nye regelen betyr at vi kan sjå bort frå etterbetalt lønn i etteroppgjeret når
- lønnsauke eller lønn ikkje vart utbetalt då han skulle
- lønnsauke eller lønn vart utbetalt i eit anna år enn året du tente den
- forseinkinga skuldast av noko utanfor din kontroll
Når alle desse vilkåra er oppfylte, skal etterbetalt lønn ikkje føre til at uførepensjonen blir redusert.
Kva betyr den nye regelen for deg?
Regelen gjer etteroppgjeret meir rettferdig for deg som har uførepensjon og jobbar ved sida av.
Du skal ikkje få redusert uførepensjonen fordi lønna du hadde krav på, vart utbetalt for seint og eit anna år enn då du faktisk tente pengane.
Dette kan vere aktuelt ved forseinka lønnsoppgjer, men også i andre tilfelle der arbeidsgivar betaler ut lønn i eit seinare år enn ho vart tent opp.
Regelendringa gir meir føreseielegheit for alle som har uførepensjon og inntekt, og reduserer risikoen for at dei får mindre i uførepensjon på grunn av forhold dei ikkje kan styre.
Dette må du gjere sjølv
Får du ikkje eit etteroppgjer, treng du ikkje gjere noko. Du får brev frå oss om du får etteroppgjer. Du bør lese brevet nøye.
I brevet er det lenkje til ei sjekkliste på spk.no. Den må du gå gjennom, og då ser du raskt om du må sende oss opplysningar vi treng.
Gjeld frå og med inntektsåret 2025
Den nye regelen gjeld frå og med inntektsåret 2025. Det betyr at vi bruker regelen når vi gjennomfører etteroppgjeret for uførepensjon i 2026 for året før.
Gjeld berre uførepensjon og inntekt
Regelen som er innført gjeld berre for dei som har uførepensjon og inntekt. Reglane for dei som jobbar ved sida av AFP (fødd i 1962 eller før) er ikkje endra:
Dei som er fødde i 1963 eller etter, kan jobbe så mykje dei vil samtidig som dei tar ut pensjon. Verken livsvarig AFP eller alderspensjon vert redusert på grunn av inntekt: