Nytt om pensjon i 2026
Frå og med 2026 skjer fleire endringar for deg med pensjon i Statens pensjonskasse. Her får du oversikta over årets største endringar – og nokre av endringane frå fjoråret.
Ny øvre aldersgrense i staten: 72 år
Frå 1. januar 2026 aukar den øvre aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år.
Det betyr at du ikkje må søke arbeidsgivaren din om å halde fram med å jobbe fram til du har fylt 72 år. Arbeidsgivarar kan heller ikkje seie opp tilsette på grunn av alder før dei har fylt 72 år.
Samtidig er det ikkje lenger høve til å ha bedriftsinterne aldersgrenser i privat næringsliv. Dermed blir den øvre aldersgrensa i arbeidslivet lik for alle, både i privat og offentleg sektor.
Den nye aldersgrensa gjeld for alle som fyller 70 år 1. januar 2026 eller seinare.
Nye pensjonsreglar for dei med særaldersgrense
Frå januar 2026 gjeld nye pensjonsreglar for dei med særaldersgrense som er fødd 1963 eller etter. Særaldersgrenser gjeld for nokre yrke som er spesielt fysisk eller psykisk krevjande, og grensa er i dag 60 år, 63 år eller 65 år.
Med dagens pensjonssystem får du meir i pensjon jo lenger du jobbar. Dei nye pensjonsreglane for særalder skal sikre eit godt livsvarig pensjonsnivå, også for dei som må gå av med pensjon tidleg.
Kort fortalt er dette nytt:
- Dei som har særaldersgrense kan få eit livsvarig tillegg til pensjonen, kalla særalderspåslag. Det skal kompensere for manglande pensjonsopptening når dei sluttar å jobbe tidleg.
- Det som før heitte særalderspensjon, heiter no tidlegpensjon om du er fødd 1963 eller etter. Tidlegpensjon gjeld for alle med særaldersgrense 60 og 63 år, og for dei som har særaldersgrense 65 år og er fødde i 1963 eller 1964.
- Nye vilkår og inntektsreglar blir gradvis fasa inn, avhengig av fødselsår og særaldersgrense.
Pensjonsforliket – fleire endringar kjem
Stortinget vedtok i pensjonsforliket i februar 2024 at den generelle pensjonsalderen skal auke i takt med levealderen. Det betyr at tidspunktet for når du tidlegast kan ta ut pensjon vil skyvast fram i tid. Det er enno ikkje bestemt når dette skal tre i kraft, eller kven det skal gjelde for. Vi vil sannsynlegvis få nokre avklaringar i løpet av 2026.
Viktige endringar frå året som gjekk
Også 2025 var eit år med fleire pensjonsendringar for deg som jobbar i offentleg sektor:
- Pensjon frå første krone
Alle arbeidstakarar i offentleg sektor tener no opp pensjon frå første krone, uavhengig av stillingsprosent. - Livsvarig AFP
AFP i offentleg sektor er no ei livsvarig yting, eit tillegg til alderspensjon, for dei som er fødde i 1963 eller etter, lik ordninga i privat sektor. - Fleksibel alderspensjon
Er du fødd 1963 eller etter, tenar du opp til pensjon så lenge du jobbar. Du kan fritt kombinere jobb med å ta ut pensjon. Du får meir i pensjon jo lenger du jobbar, og jo lenger du ventar med å starte pensjonsuttaket.
Alle endringane – både dei som allereie er gjennomførte og dei som kjem – heng saman. «Motoren» i endringane er at levealderen aukar, og at vi må jobbe lenger for å få like mykje i pensjon som dei som er eldre. Endringane skal bidra til eit meir rettferdig og fleksibelt pensjonssystem, som er tilpassa dagens arbeidsliv.