Nyheiter

Solveig Skjermo er ny teknologidirektør i Statens pensjonskasse

Skjermo gler seg til ein arbeidskvardag med både moderne produktorganisering og komplekse utviklingsoppgåver.

Publisert 19.11.2025
Portrett av smilende kvinne Solveig Skjermo i SPK
Solveig Skjermo starta som ny teknologidirektør i SPK 3. november

Skjermo (48) kjem frå rolla som IT-sjef hos Riksantikvaren. Ho er utdanna sivilingeniør frå NTNU, og har solid erfaring frå teknologi og leiing.

Tidlegare har ho mellom anna vore avdelingsdirektør i Husbanken og konsulent i Sopra Steria og Capgemini Consulting.

Ansvar for IT og produktutvikling

I SPK jobbar omtrent ein tredel av dei 480 medarbeidarane med utvikling av digitale tenester og system.

Skjermo får eit overordna ansvar for teknologi og utvikling i SPK.

- Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene som står framfor oss. SPK er kjend blant teknologar for å vera veldig langt framme på digital utvikling og produktorganisering, kommenterer ho.

Leiande på digitalisering i offentleg sektor

Ifølgje administrerande direktør i SPK, Tomas Berg, skal SPK bidra aktivt til å utvikla velferdssamfunnet. Skjermo blir ein sentral del av dette arbeidet.

- Eg er glad for å få Solveig med på laget og inn i toppleiinga. Me forvaltar pensjonane til over éin million menneske. Dei siste åra har vi levert ei heilt ny løysing for offentleg tenestepensjon, utvikla i tett samarbeid med brukarane våre, seier Berg og utdjupar:

- I ei tid med store teknologiske omveltingar, vil den strategiske kompetansen hennar vera særleg verdifull når vi skal vidareutvikla SPKs digitale løysingar og ta i bruk ny teknologi på ein trygg og effektiv måte, seier Berg.

Om Statens pensjonskasse

  • Forvalter pensjonsrettar og forsikringsordningar for 1,2 millionar nordmenn hos meir enn 1 300 arbeidsgivarar i offentleg sektor
  • Opptjente pensjonsrettar i SPK har ein samla verdi på 758,6 milliardar kroner (2024)
  • Statstilsette, lærarar, forsvaret og politi er nokre av dei som har pensjon i SPK.
  • Ein tredel av SPKs 480 medarbeidarar jobbar med utvikling av digitale tenester og system.
  • SPK utviklar og driftar eigne tenester og IT-system i sjølvstyrte, tverrfaglege produktteam.
  • SPK leier samarbeidet for datautveksling mellom offentlege pensjonsleverandørar (overføringsavtalen).