No sender vi ut medlemsundersøkingar
Tre gonger i året ber vi nokre av medlemmene våre om å svare på faste medlemsundersøkingar. I undersøkinga kan du gi oss tilbakemelding på korleis du opplever tenester og informasjon frå oss.
Kor fornøgd er du med SPK?
Medlemsundersøkingane våre måler kor fornøgd du er med SPK alt i alt, kor fornøgd du er med informasjonen du har fått frå oss, om du har brukt pensjonskalkulatoren vår og korleis du har fått berekna pensjonen din.
Vi spør også om du forstår innhaldet i breva vi sender og om kor fornøgd du er med servicen vi gir.
Tilpassa spørsmål til ulike grupper
Spørsmåla er tilpassa dei ulike gruppane som får kvar undersøking:
- Medlemmer som nyleg har søkt om AFP (fødde i 1962 eller før)
- Medlemmer som nyleg har søkt om alderspensjon (fødde i 1962 eller før)
- Medlemmer som har pensjon i SPK frå tidlegare jobbar og nyleg har søkt om alderspensjon (fødde i 1962 eller før)
- Medlemmer som nyleg har søkt om alderspensjon eller livsvarig AFP (fødde i 1963/1964)
- Medlemmer som har pensjon i SPK frå tidlegare jobbar og nyleg har søkt om alderspensjon (fødde i 1963/1964)
- Medlemmer som nyleg har søkt om uførepensjon
- Etterlatne (etter eit medlem i SPK) som nyleg har søkt om etterlatnepensjon
- Medlemmer som har vore kontakt med oss om ein yrkesskade
- Medlemmer som har vore i skriftleg kontakt med kundesenteret vårt
Undersøking til verksemdene
Vi sender samtidig ut ei undersøking til verksemdene som er tilknytta oss. Denne undersøkinga måler kor fornøgde eller misfornøgde medlemsverksemdene er med SPK som pensjonsleverandør.
Takk for tilbakemeldinga di!
Om du får tilsendt ei av undersøkingane, set vi stor pris på at du tar deg tid til å svare og dele di tilbakemelding!