Skal løne seg for fleire å jobbe lenger
No endrast lova, slik at det i større grad vil løne seg for offentleg tilsette fødd i årskulla 1954–1962 å stå i jobben ut over vanleg pensjonsalder.
Eldre arbeidstakarar som jobbar lenger vil no få auka utbetalinga si av tenestepensjon, samanlikna med gjeldande reglar.
Justeringane i regelverket, som blei godkjent i Kongen i statsråd 12. april, får òg tilbakeverkande kraft for SPK-medlemer født i 1954 og 1955.
Kvifor justerast reglane?
Eldre arbeidstakarar som blir ståande lenge i jobb risikerer å tape tenestepensjonen på grunn av regelverket for levealdersjustering av tenestepensjon.
Jobbar du etter 67 år, og ikkje tek ut pensjon verken frå folketrygda (NAV) eller SPK, vil den totale pensjonen din fortsette å auke fram til du har nådd ein viss alder. Etter at du har passert dette tidspunktet er det berre folketrygdpensjonen din som vil fortsette å auke. Tenestepensjonen frå SPK vil derimot begynne å gå ned. Jobbar du lenge nok, vil tenestepensjonen til slutt falle heilt bort så du berre får utbetalt pensjonen frå NAV.
Det er dette som gjerne blir omtalt som «samordningsfella», og det er effekten av denne fella som no skal bremsast.
Kva består regelendringa i?
Aldersgruppa fødde 1954–1962 får alderspensjon frå folketrygda etter to forskjellige regelverk. Også tenestepensjonen frå SPK skal levealdersjusterast etter to ulike regelverk. Vi levealdersjusterer éin del av pensjonen etter såkalla «gammalt» regelverk, resten av pensjonen etter «nytt» regelverk.
Endringa som no er vedteke gjeld for den delen av tenestepensjonen som blir levealdersjustert etter «nytt» regelverk. Fortset du å jobbe etter at du har passert alderen i tabellen under, vil denne delen heretter auke vidare, akkurat som folketrygdpensjonen. Dermed kan effekten av «samordningsfella» bli bremsa..
Mens den delen av tenestepensjonen som blir levealdersjustert etter «gammalt» regelverk vil gå ned, akkurat som før.
Kor stor verknad får endringa på pensjonen?
Det varierer frå årskull til årskull kor stor del av tenestepensjonen som vil auke dersom dei fortset å jobbe lenger. Endringa betyr ikkje så mykje for årskulla 1954 og 1955, då mesteparten av tenestepensjonen deira blir levealdersjustert etter «gammalt» regelverk. Så aukar effekten for kvart årskull, fram til han omfattar nesten heile tenestepensjonen til dei fødde i 1961 og 1962.
Men ingen av desse årskulla vil oppleve at tenestepensjonen fell heilt bort, uansett kor lenge dei fortset å jobbe.
Årskull | Tidspunktet samordningsfella begynner å gjelde frå | Del av tenestepensjonen som ikkje lenger blir råka av "samordningsfella" |
---|---|---|
1954 | 69 år og 2 månader | 1/10 |
1955 | 69 år og 3 månader | 2/10 |
1956 | 69 år og 5 månader | 3/10 |
1957 | 69 år og 7 månader | 4/10 |
1958 | 69 år og 9 månader | 5/10 |
1959 | 69 år og 11 månader | 6/10 |
1960 | 70 år og 1 månader | 7/10 |
1961 | 70 år og 3 månader | 8/10 |
1962 | 70 år og 4 månader | 9/10 |
Tilbakeverkande kraft for 1954- og 1955-kullet
Dersom du er fødd i 1954 eller 1955, eller berre er ein oppmerksam lesar, har du kanskje allereie tenkt på at 1954-kullet fylte 69 år i fjor og at 1955-kullet fyller 69 år i år. Regelendringa vil også gjelde for dei i desse årskulla som allereie har gått av med tenestepensjon og jobba så lenge at tenestepensjonen deira begynte å gå ned. Når vi har lagt inn dei nye reglane i systemet vårt, vil vi rekne om pensjonen til dei det gjeld. Desse medlemmene vil få informasjon frå oss.