Boliglån

Sikkerheit for lånet

Maksimalt lånebeløp per medlem er 2 300 000 kroner. Vi tar pant i bustaden din (folkeregistrert adresse), og du kan låne inntil 80 prosent av vurdert marknadsverdi.

Eigenkapital

Ved kjøp av bustad kan du låne inntil 80 prosent av vurdert kjøpesum. Du må derfor ha minimum 20 prosent i eigenkapital. Vi tilbyr altså ikkje 100 prosent finansiering.

Har bustaden du skal kjøpe fellesgjeld, må denne gjelda takast med i utrekninga, og vil då gi ein reduksjon i lånesummen.

Treng ikkje førsteprioritet

Vi treng ikkje førsteprioritet. Vi kan etter vurdering innvilge lån med sikkerheit etter lån til ein annan bank.

Det må kome fram i søknaden kor mykje lån den andre banken skal ha med prioritet/sikkerheit før oss.

Automatisk verdivurdering

Når du søkjer om bustadlån hos oss, vil vi gjere ei automatisk vurdering av verdien på bustaden din. I nokre tilfelle vil vi be om ein e-takst frå eigedomsmeklar.

Kjøp av bustad 

Ved kjøp av bustad bruker vi kjøpesummen i kjøpekontrakten som verdidokumentasjon på bustaden. Vi gir ikkje byggelån.

Landbrukseigedommar

Dersom du skal kjøpe ein landbrukseigedom (konsesjonspliktig), må sikkerheita for bustadlånet vere inntil 60 prosent av marknadsverdien.

Vi krev da at du innhentar landbrukstakst frå ein takstmann som er godkjend for taksering av landbrukseigedommar.

Elektronisk tinglysning

For at vi skal kunne tinglyse pantet vårt elektronisk, må du ha ei e-postadresse og alle som eig bustaden må ha eigen BankID.

Du vil få ein e-post med ei lenke frå: pantedokument-SPK@ambita.com. For å signere opnar du lenka og loggar deg inn med BankID.

Alle som skal eige bustaden må signere med sin eigen BankID. Eig du for eksempel bustaden saman med ektefellen din, vil han eller ho motta ein eigen e-post. Panta kan ikkje tinglysast før alle eigarar av bustaden har signert.

Elektronisk tinglysing kan ikkje nyttast ved lån til kjøp av ny bustad, eller om du har ei aksjeleilegheit.