Bustadlån

Sikkerheit for bustadlånet ditt

Hos SPK kan du låne inntil 80 prosent av den vurderte marknadsverdien på bustaden. Vi treng ikkje førsteprioritet.

Krav til eigenkapital ved kjøp av bustad

Ved kjøp av bustad kan du låne inntil 80 prosent av vurdert kjøpesum. Du må derfor ha minimum 20 prosent i eigenkapital. 

Vi bruker kjøpesummen i kjøpekontrakten som verdidokumentasjon på bustaden. 

Vi treng ikkje førsteprioritet

Vi kan vurdere å innvilge lån med sikkerheit etter lån til ein annan bank.

Det må kome fram i søknaden kor mykje lån den andre banken skal ha med prioritet/sikkerheit før oss.

Automatisk verdivurdering av bustaden din

Når du søker om bustadlån hos oss, vil vi gjere ei automatisk vurdering av verdien på bustaden din. I nokre tilfelle vil vi be om ein e-takst frå eigedomsmeklar.

Bustad i burettslag med fellesgjeld

Skal du kjøpe eller refinansiere ein bustad i eit burettslag med fellesgjeld? Denne gjelda må tas med i utrekninga, og vil da gi ein reduksjon i lånesummen.

Sikkerheit for landbrukseigedommar

Dersom du skal kjøpe eller refinansiere ein landbrukseigedom (konsesjonspliktig), må sikkerheita for bustadlånet vere inntil 60 prosent av marknadsverdien.

Vi krev da at du innhentar landbrukstakst frå ein takstmann som er godkjend for taksering av landbrukseigedommar.

Slik signerer du pantedokumentet

For at vi skal kunne tinglyse pantet vårt elektronisk, må du ha ei e-postadresse og alle som eig bustaden må ha eigen BankID.

Du vil få ein e-post med ei lenke frå: pantedokument-SPK@ambita.com. For å signere opnar du lenka og loggar deg inn med BankID.

Alle som skal eige bustaden må signere med sin eigen BankID. Om du for eksempel eig bustaden saman med ektefellen din, vil han eller ho motta ein eigen e-post. Panta kan ikkje tinglysast før alle eigarar av bustaden har signert.