Boliglån

Lånevilkår knytta til SPK-medlemskapet

Alle medlemmer i SPK kan søke om bustadlån. Men når blir du rekna som medlem? Og kva skjer med bustadlånet om det blir endringar i jobb- eller busituasjonen din?

Medlem i SPK?

Du er automatisk medlem i Statens pensjonskasse (SPK) om du er ansatt i staten eller i det offentlege skoleverket i minst 20 prosent stilling. Du er også medlem dersom du er  

  • pensjonist (frå stilling som gir SPK-medlemskap)  
  • statsråd  
  • stortingsrepresentant  

To medlemmer i husstanden 

Som medlem i SPK kan du søke om inntil 2 300 000 kroner i bustadlån. Er de to medlemmer i husstanden kan de søke om inntil 2 300 000 kroner kvar. De sender inn to separate søknader, men søknadene vil bli vurderte saman. 

De er ansvarlege for kvart dykkar lån og det blir to etableringsgebyr, men berre eitt tinglysingsgebyr. De vel sjølv beløpet kvar skal søke om, dersom de ikkje skal ha maksimal lånesum.  

Når ektefelle/sambuar ikkje er medlem

Det er berre medlemmer i SPK som kan søke om lån. Den i husstanden som er medlem, er ansvarleg for lånet. Ektefelle/sambuar har dermed ikkje gjeldsansvar overfor SPK. Har de felles bustad, må ektefelle/sambuar likevel godkjenne at vi tek pant i bustaden – dette blir kalla realkausjon.  

Sjølv om ektefelle/sambuar ikkje har gjeldsansvar, må vi ha dokumentasjon på inntekt/gjeld for begge, slik at vi kan vurdere husstandens samla økonomi.  

Deltid  

Du må jobbe minimum 20 prosent av full stilling for å kunne søke om bustadlån.  

Vikariat

Mellombels tilsette medlemmer som har eit engasjement på minimum eitt år frå søknadstidspunktet, kan søke om lån. Tilsettingstida må dokumenterast med kopi av tilsettingsavtala.

Lærling  

Lærlingar kan ikkje søke om bustadlån frå oss. 

Slutte i stilling med medlemskap i SPK  

Dersom du sluttar/byter jobb og mister medlemskapet i SPK mister du også retten til å behalde lånet ditt til ordinære vilkår. 

Du kan behalde lånet til mindre gunstige vilkår. Renta blir då oppjustert med to prosentpoeng og eventuell avdragsfridom fell bort. Dette skjer tre månader etter varsla renteendring. Aksepterer du ikkje dei endra vilkåra blir bustadlånet sagt opp med tre månaders varsel.  

Begynner du i ei stilling med rett til medlemskap igjen, må du ta kontakt med oss så vi kan justere ned renta med to prosentpoeng.  

Send ein e-post til stillingsendring@spk.no, og merk meldinga med lånenummer. 

Omstilling  

Sluttar du i stillinga som følge av eit vedtak om omstilling kan du behalde lånet ditt som om medlemskapet ditt var uendra. Du kan likevel ikkje søkje om nytt lån. Vi treng dokumentasjon frå arbeidsgivaren din på vedtaket.  

Permisjon  

Når du er i permisjon i samsvar med permisjonsavtalen i staten, blir medlemskapet oppretthaldt i permisjonen og du beheld lånet til vanlege vilkår. Det er arbeidsgivar som fastset om permisjonen er i samsvar med permisjonsavtalen eller ikkje.  

Gå av med pensjon 

Du kan behalde lånet ditt hos oss til uendra vilkår når du blir pensjonert frå ei stilling med medlemskap i SPK.  

Ektefelle/partner døyr

Dersom bustadlånet stod på ektefellen/partneren din og ho/han døyr, kan du søke om å ta over lånet. Dette gjeld anten du har krav på attlevandepensjon frå SPK eller ikkje. 

Mottek du attlevandepensjon kan du søke om nytt lån på lik linje med andre medlemmar. Dersom du ikkje mottek attlevandepensjon kan du ikkje gjere endringar på lånet eller søke om nytt lån.

Bli ufør

Dersom du går frå eit arbeidsforhold med rett til medlemskap til å motta heil eller delvis uførepensjon frå oss, beheld du bustadlånet ditt hos oss til same vilkår.

Har du tidlegare vore medlem i SPK og no mottek uførepensjon, kan du ikkje søke om lån hos oss.

Buplikt - flytte frå bustaden din 

Bustadlånsordninga i SPK krev sikkerheit i eigen bustad. Du må altså bu og ha folkeregistrert adresse i bustaden du har stilt som sikkerheit. 

Vi gir ikkje lån til kjøp av bustad nummer to eller bustad som skal leigast ut.  

Du må gi oss beskjed om du skal du flytte frå bustaden din. Lånet blir sagt opp med tre månaders varsel. Du kan eventuelt søke om lån med sikkerheit i ny bustad.  

Dispensasjon frå buplikta  

Du kan få dispensasjon frå buplikta i inntil eitt år  i særlege tilfelle i lengre tid. Du må søke skriftleg om dispensasjon. Til eksempel kan du få dispensasjon om du skal:

  • flytte på grunn av beordring  
  • flytte fordi du er tilsett i utanrikstenesta (vi må ha kopi av vedtaket/tilsettingsvilkåra for beordringa)