Slik søker du om tidlegpensjon - steg for steg
Du kan søke om tidlegpensjon fire månader før du vil starte uttaket. Her ser du korleis du søker, og kva du må gjere før og etter at du har søkt.
Tidlegpensjon vart tidlegare kalla særalderspensjon. Informasjonen på denne sida gjeld for deg som har ein jobb med
- 60-års særaldersgrense og er fødd 1970 eller seinare
- 63-års særaldersgrense og er fødd 1967 eller seinare
Jobbar du ikkje lenger hos ein arbeidsgivar med pensjonsordning i SPK, må du ta kontakt med oss for å få søknadsskjema.
Slik søker du om tidlegpensjon
-
Avtal med arbeidsgivaren din
Du må avtale med arbeidsgivaren din når du skal slutte eller redusere stillinga di. Du må oppgi denne datoen i søknaden. Jobbar du i privat sektor, hoppar du over dette punktet og oppgir datoen du ønsker å ta ut tidlegpensjon frå. -
Logg inn på spk.no og søk om tidlegpensjon
Fire månader før du kan starte å ta ut tidlegpensjon får du opp søknaden under "Min pensjon" når du loggar inn. Ta kontakt med oss dersom du ikkje får opp søknaden. -
Arbeidsgivaren din stadfestar opplysningane
Etter at du har sendt inn søknaden, ber vi arbeidsgivaren din stadfeste datoen skal slutte eller redusere stillinga di. Du treng ikkje gjere noko. -
Du får svar på søknaden
Du kan følgje statusen på saka di når du loggar inn. Når vi har behandla søknaden din, får du eit brev med vedtaket. Du får svar frå oss innan seks veker etter at vi har motteke stadfestinga frå arbeidsgivaren din.
Nyttig å vite før du søker
- Finn ut når du kan ta ut tidlegpensjon
Nokre kan starte å ta ut tidlegpensjon før dei når særaldersgrensen, på grunn av 85-årsregelenÅttifem- / 85-årsregelenDu som jobber i ei stilling med særaldersgrense kan som hovudregel ta ut alderspensjon frå Statens pensjonskasse inntil tre år før aldersgrensa dersom summen av alderen din og oppteningstida di er minst 85 år. Mer om Åttifem- / 85-årsregelen. Logg inn for å sjå når du kan starte å ta ut tidlegpensjon. - Vi treng å vite om du skal jobbe, og kor mykje du forventar å tene
Når du søker, spør vi om du skal fortsetje å jobbe i offentleg sektor. Vi spør også kor mykje du forventar å tene samtidig som du mottek tidlegpensjon. Vi treng desse opplysningane for å rekne ut rett pensjon og inntektsgrenseInntektsgrense Inntektsgrensen er den årlige arbeidsinntekten du kan ha før pensjonen blir redusert. Inntektsgrense gjelder for uførepensjon, tidligpensjon og særalderspåslag. Mer om Inntektsgrense .- Med offentleg sektor meiner vi her arbeidsgivarar med offentleg tenestepensjon (frå SPK, KLP, Oslo Pensjonsforsikring eller liknande). Sjekk med arbeidsgivaren din om du er usikker.
- Forventa inntekt betyr her pensjonsgivande inntekt i folketrygda. Det inkluderer lønnsinntekt, næringsinntekt og honorar frå arbeid i privat og offentleg sektor. Les meir om inntekt og tidlegpensjon
- Du kan endre den forventa inntekta di
Du kan når som helst logge inn og endre den forventa inntekta di dersom arbeidssituasjonen din endrar seg. - Ikkje alle kan søke digitalt
Ikkje alle kan søke om tidlegpensjon digitalt. Kontakt oss for å få søknadsskjema dersom du- ikkje jobbar i ei stilling med særaldersgrense når du søker, eller
- er tidlegare medlem, det vil seie at du ikkje jobbar hos ein arbeidsgivar med pensjonsordning i SPK, eller
- mottek uførepensjon frå SPK