Kva er ny offentleg tenestepensjon?
Ny offentleg tenestepensjon gjeld for deg som er fødd i 1963 eller seinare. Ordninga vart innført i 2020, og betyr at du tener opp pensjon heilt til du fyller 75 år. Den nye ordninga er meir fleksibel – du kan arbeide og ta ut pensjon samtidig.
Tidlegare fekk offentleg tilsette ein prosentdel av sluttlønna som pensjon. For deg som er fødd i 1963 eller seinare, er pensjonen bygd opp på ein annan måte: Du tener opp rettar kvart år, og alle år i jobb tel.
Den nye ordninga gir deg større fleksibilitet:
- Du kan starte uttak frå du er 62 år.
- Du kan kombinere arbeid og pensjon utan avkorting.
- Du kan velje å ta ut delane av pensjonen samtidig eller kvar for seg.
Alderspensjonen frå SPK består av tre delar
- Alderspensjon opptent før 2020
- Alderspensjon opptent frå 2020
- Livsvarig AFP
Kort oppsummert: Ny offentleg tenestepensjon gir deg høve til å jobbe lenger, tene opp meir pensjon, og sjølv bestemme når og korleis du vil starte uttaket.
Vil du sjå korleis dette kan slå ut for deg? Les meir på spk.no.
5 tips frå SPKs pensjonsekspert
- Jobb så mykje du vil.
Du kan ta ut alderspensjon og AFP samtidig som du jobbar – både i offentleg og privat sektor.
- Jobb lengst mogleg.
Du tener opp pensjon av inntekta di heilt til du fyller 75 år. Kvart ekstra år i jobb gir meir pensjon.
- Hugs at AFP er livsvarig.
AFP er ein del av alderspensjonen din og varer heile livet. Byter du jobb, sjekk om den nye arbeidsgivaren har AFP – elles kan du tape mykje pensjon.
- Behald viktige forsikringar.
Som offentleg tilsett har du gruppelivsforsikring og yrkesskadeforsikring så lenge du er i jobb.
- Sett deg inn i pensjonen din.
Bruk pensjonskalkulatorane for å sjå kor mykje du kan få og kva val du har. Sjekk også om du har rett til AFP, og kva det betyr for den totale pensjonen din.