Kva er pensjon?

Synest du pensjon er komplisert? Du er ikkje aleine. Annankvar nordmann veit ikkje kva dei får i pensjon. Her får du ei kort innføring i kva pensjon er.

Pensjon er det du skal leve av når du blir pensjonist - ei form for lønn. Du kan sjølv påverke korleis pensjonen din blir, og du bør tenke på pensjon så tidlig som mogleg.

Slik er pensjonen bygd opp

Det finst ulike typar pensjonar. Enkelt forklart er pensjon bygd opp av tre nivå. 

Pensjonspyramiden forklarer hvordan pensjon er bygget opp.

Folketrygda er grunnmuren

Alderspensjonen du får frå folketrygda ligg i botnen. Alle som har budd i Noreg i minst tre år etter at dei har fylt 16 år, har rett til alderspensjon. Kor mykje du kjem til å få frå folketrygda, heng først og fremst saman med kor mykje du har jobba.

 

Tenestepensjon frå arbeidsgivar

Tenestepensjon er pengar som arbeidsgivaren din set av til pensjon, altså ei utsett løn. Er du tilsett i ei offentleg verksemd, er du automatisk medlem av ei offentleg tenestepensjonsordning som ein del av tilsettingsvilkåra dine. Viss du har vore medlem i ei offentleg pensjonsordning i tre år og jobba meir enn minstegrensa for medlemskap, har du krav på offentleg tenestepensjon.

Om du er tilsett i ei privat verksemd, har du rett til obligatorisk tenestepensjon. Du får meir informasjon frå arbeidsgivaren din.

Frivillige spare- eller pensjonsordningar

Viss du ønsker det, kan du inngå eigne spareavtalar i tillegg. Du kan til dømes spare i fond eller teikne individuelle pensjonsavtalar hos bank eller forsikringsselskap.

Kva blir din totale pensjon?

Den totale pensjonen er avhengig av kor mykje du har tent opp frå dei ulike ordningane. Rekn ut pensjonen ved å du logge inn og bruke pensjonskalkulatoren. Merk at vi tar ikkje med private ordningar i berekninga du får.