Født i 1963 eller etter

Pensjonsbehaldninga di veks jamt og trutt

Frå og med 2020 har alle født i 1963 eller etter, og som jobbar i offentleg sektor, fådd ei pensjonsbehaldning. Den blir regulert kvart år fram til du tek ut pensjon frå oss. Men korleis fungerer reguleringa?

Trygg regulering som gir garantert «avkastning»

Den årlege oppteninga di blir lagd inn i ei pensjonsbehaldning – ein slags «sparegris». Den oppsparde behaldninga er garantert ei årleg regulering i takt med den allmenne lønnsveksten i samfunnet (G-regulering). 

For deg som har ein offentleg tenestepensjon er verdien av ei regulering av behaldninga eit viktig element i den nye offentlege tenestepensjonsordninga. Det gjer at samla pensjonsopptening blir eit produkt av den årlege oppteninga og den årlege reguleringa av behaldninga.

Garantert regulering av pensjonsbehaldninga er eit viktig gode i motsetning til ei innskottsordning som dei aller fleste i privat sektor har. Der har du ikkje ei garantert regulering. I ei innskottsordning er du prisgitt dei investeringsvala du sjølv tek i form av fond og aksjar.

Du kan vere «heldig» å ha høg avkastning som dermed gir deg ein god pensjon. Men du kan også risikere at verdien på pensjonspengane dine blir redusert dersom avkastninga er låg. Alt blir styrt av marknaden.

Rentersrente 

Årleg innskott og reguleringa av pensjonsbehaldninga di gjer at det for kvart år blir ein større og større pensjonsbehaldning som skal regulerast. Vi får det vi kallar «rentesrente-effekt». Det vil seie at tidlegare regulering, som er ein del av behaldninga, blir gjenstand for ytterlegare regulering.

Du treng ikkje gjere noko som helst

Pensjonsbehaldninga di vil vokse jamt og trutt. Du treng ikkje gjere nokon ting. Det er faktisk slik at du ikkje kan påverke korleis pengane dine forvaltast. Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du kan begynne å ta ut pensjonen din. Etter at du har bestemt deg for å ta ut pensjon vil behaldninga framleis bli regulert, men da vil reguleringa vere noko lågare.

Vil du sjå kor mykje du har tent opp, og kor lenge du må jobbe for å få den pensjonen du ønsker? Logg inn på spk.no og bruk vår pensjonskalkulator.