Avtalefesta pensjon (AFP)

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei førtidspensjonsordning for deg som er statstilsett eller lærar, og som ønskjer å gå av med pensjon heilt eller delvis når du er mellom 62 og 67 år. Er du tilsett i ei anna verksemd med medlemskap i Statens pensjonskasse kan også dei ha inngått tariffavtale som gir deg rett til AFP.