Boliglån

Slik blir renta fastsett

Bustadlånsrenta i Statens Pensjonskasse følgjer normrenta, som blir rekna ut av Skattedirektoratet.

Normrenta dannar grunnlaget 

Dagens rente i SPK finner du her.

Det er normrenta som dannar grunnlaget for rentetilbodet i SPK. Normrenta er den lågaste renta ein arbeidsgivar kan gi på utlån til ein arbeidstakar, utan at arbeidstakaren blir skatta for ein særfordel knytt til låg rente. 

Normrenta blir fastsett på grunnlag av ei basisrente, som er basert på rentevilkår for bustadlån i marknaden. Normrenta er 0,15 prosentdelar lågare enn basisrenta. 

Les meir om normrenta på skatteetaten.no

Kan endrast seks gongar i året

I SPK kan renta på bustadlån endrast inntil seks gongar i året – i januar, mars, mai, juli, september og november. Vi tilbyr ikkje fast rente på lån.

Før renteendringane er det ein observasjonsperiode på to månader, pluss ein to månaders varslingsperiode før den nye renta tre i kraft. 

«Etterslep» på renta i SPK

Renteutviklinga i statsbankane, som SPK, får dermed eit «etterslep» på fire månader samanlikna med rentene i dei fleste vanlege banker. Merk at dette gjeld både ved renteoppgang og -nedgang.  

Det er Finansdepartementet som handterer reglane for rentefastsetjing i statsbankane, som inkluderer Lånekassen og Husbanken, i tillegg til SPK 

Les meir om SPK sine prisar og gebyr