Alderspensjon

Samordning mellom tjenestepensjon og folketrygden

Offentlig tenestepensjon skal samordnast med pensjon fra folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar, slik som Pensjonsordninga for apotekverksemd.

Offentleg tenestepensjon skal tidlegast samordnast med alderspensjon frå folketrygda frå fylte 67 år.

Samordning skjer ved at ytingane i folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, mens tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen - frådraget - blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda.

Når vi bereknar samordningsfrådraget legger vi til grunn at folketrygda er tatt ut samtidig med tenestepensjonen frå Pensjonsordninga for apotekverksemd. Dersom pensjonen frå folketrygda er teke ut før tenestepensjonen kan det medføre at vi reduserer tenestepensjonen din med meir enn du får utbetalt i frå folketrygda.

Ulike samordningar

Fødd i perioden 1954-1962:
Då får du ein del av alderspensjonen frå folketrygda berekna ut frå poengtal og poengår, og ein del berekna ut frå pensjonsbehaldninga di i folketrygda. Då samordnar me ein del av tenestepensjonen din med grunnpensjon, tilleggspensjon og eventuelle andre tillegg, og ein del av tenestepensjonen med folketrygdbehaldning.

Fødd 1963 eller etter:
Då blir heile alderspensjonen din frå folketrygda berekna ut frå pensjonsbehaldninga di i folketrygda. Då blir tenestepensjonen din samordna med folketrygdbehaldning.

Samordning med grunnpensjon

I utgangspunktet reduserer vi tenestepensjonen din med ein sum på inntil 75 prosent av grunnbeløpetGrunnbeløpGrunnbeløpet i folketrygden, som vi ofte kaller G, blir justert en gang i året og er 111 477 kroner per 01.05.2022.Mer om Grunnbeløp i folketrygda (1 G). Vær merksam på at levealdersjusteringLevealdersjusteringDen opptjente pensjonen din skal fordeles på det antall år årskullet ditt forventes å leve. Dette kalles levealdersjustering. Så lenge levealderen øker, må hvert årskull jobbe lenger enn det forrige for å oppnå samme pensjon.Mer om Levealdersjustering kan medføra at vi trekker litt meir enn dette òg.

Dersom du ikkje har full opptening, har jobba deltid eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for grunnpensjonenGrunnpensjonStørrelsen på grunnpensjonen fra folketrygden er avhengig av sivilstand og hvor lenge du har vært medlem i folketrygden.Mer om Grunnpensjon forholdsmessig mot desse tre faktorane.

Samordning med tilleggspensjon og eventuelle andre tillegg

Vi reduserer i tillegg tenestepensjonen din med tilleggspensjonen og eventuelle andre tillegg som

  • særtillegg
  • pensjonstillegg
  • minstenivåtillegg

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgivande i tenestepensjonsordninga, vil vi ikkje gjere frådrag for dette. Vi bereknar ein tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget ditt hos oss. Denne tilleggspensjonen bruker vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn den tilleggspensjonen i folketrygda gjer.

Frådrag for tilleggspensjon og pensjonstillegg påvirkas av levealdersjusteringLevealdersjusteringDen opptjente pensjonen din skal fordeles på det antall år årskullet ditt forventes å leve. Dette kalles levealdersjustering. Så lenge levealderen øker, må hvert årskull jobbe lenger enn det forrige for å oppnå samme pensjon.Mer om Levealdersjustering. Særtillegg og minstenivåtillegg er skjerma frå dette.

Samordning med folketrygdbeholdning

Vi reknar om pensjonsbeholdningen til ein samordningsbeholdning og reduserer tenestepensjonen din med 98 prosent av samordningsbeholdningen, etter levealdersjustering. Dersom du ikkje har full opptening eller tar ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for samordningsbeholdningen forholdsmessig etter desse faktorane.

Deretter bereknar vi eit tillegg til pensjonen din, kalla samordningsbeholdningstillegg. Tillegget blir berekna for den same delen av tenestepensjonen som blir samordna med pensjonsbeholdningen i folketrygda.

Fullt samordningsbeholdningstillegg er 2,5 G (G=grunnbeløp i folketrygda) per år. Det skal levealdersjusterast og reduserast dersom du ikkje har full opptjening eller viss du tar ut delvis pensjon.

Andre pensjons- og trygdeytingar  

Vi skal også samordne med ein del andre pensjons- og trygdeytingar, som for eksempel ulike pensjonsordningar for folkevalde.

Samordningslova omfattar:

  • tenestepensjonsordningar
  • personskadetrygd
  • ytingar frå folketrygda
  • avtalefesta pensjon (AFP) frå offentleg eller privat sektor