Sist oppdatert: 16.04.2020
Pensjon på 1-2-3
Er du født i 1963 eller seinare? Her finn du sju korte filmar om pensjon – med enkle forklaringar og gode døme. Filmane kjem inn på alle element – frå folketrygda til tenestepensjon og eiga pensjonssparing.
Mange synest pensjon er vanskeleg. Samtidig vert det stadig viktigare å setje seg inn i korleis din pensjon kan verte og kva du kan gjere for å påverke den. Bruk desse filmane til å skaffe deg grunnleggjande kunnskap, og spør ein ekspert viss du har fleire spørsmål.
Film 1: Hva er pensjon?:
- Film 2: Fleksibel alderspensjon
- Film 3: Alderspensjon frå folketrygden
- Film 4: Privat tjenestepensjon
- Film 5: Offentleg tjenestepensjon
- Film 6: Avtalefesta pensjon
- Film 7: Egen pensjonssparing
Du kan og sjå pensjonsfilmane utan tegnspråk, med undertekster.
Desse laga filmane
Furore film har produsert filmane. Statens pensjonskasse har vore fagleg bidragsytar saman med NAV, Norsk Pensjon, Senter for seniorpolitikk, Aksje Norge, Felleskontoret for AFP og FNO. Filmane er finansierte av Finansmarkedsfondet.