Alders­pensjon - stortings­represent­antar

Ny eller gammal ordning? Den nye lova tredde i kraft 01.01.2012, med ulike overgangsordningar. Stortingsrepresentantar som har under tre års opptening før 01.10.2009, får all opptening etter ny ordning.

Gammal ordning inneber at du får full alderspensjon etter 12 år på Stortinget, og at du kan pensjonere deg når du fyller 65 år. Viss du har vore vararepresentant, kan deltaking på under seks månader i forskjellige storting leggjast saman.

75-årsregelen

Når summen av alderen din og funksjonstida på Stortinget er 75 år, trer pensjonsrettane i kraft tidlegare enn ved fylte 65 år. Dette kallar vi 75-årsregelen.

Viss du som stortingsrepresentant tek ut alderspensjon etter 75-årsregelen, kan tid som statsråd telje med i utrekninga. Det føreset at du har opparbeidd deg pensjonsrettar som statsråd parallelt med at du har vore stortingsrepresentant.

Når du fyller 65 år, vil statsrådstida berre telje med viss den ikkje gir rett til utbetaling etter statsrådsordninga.

Opptening av funksjonstid - med det meiner vi talet på år i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar - til uttak av pensjon etter 75-årsregelen, vart avslutta 01.01.2012. 

Tidleg uttak av alderspensjon

Du kan også velje å ta ut pensjonen fleksibelt frå 62 år. Dette er òg i tråd med prinsippa i den nye alderspensjonen frå folketrygda. Det er i så fall pensjon for perioden 65 – 67 år som fordeles på perioden 62 – 67 år.

Tidlig uttak frå 62 år kan ikkje kombineres med uttak etter 75-årsregelen.

Storleiken på pensjonen

Grunnlaget for pensjonsutrekninga er den årlege godtgjeringa du hadde då du slutta som stortingsrepresentant. 

  • Full pensjon utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.
  • 12 års funksjonstid på Stortinget gir full pensjon.
  • Viss funksjonstida er kortare, vert pensjonen redusert forholdsmessig.
  • Frå fylte 67 år skal pensjonen levealdersjusterast Levealders­justering Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering .
  • Forsørgjer du barn under 18 år, kan du få utbetalt barnetillegg Barne­tillegg Dersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga. Mer om Barne­tillegg   

Individuell garanti

For stortingsrepresentantar som er fødde tidlegare enn 1959, eksisterer det en individuell garanti viss du venter med å ta ut alderspensjonen din i folketrygda til du vert 67 år. Det tyder at du er garantert 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, men avhengig av kor vidt du har full oppteningstid eller ikkje.

Viss summen av samordna alderspensjon i tenestepensjonsordninga og alderspensjon frå folketrygda vert lågare enn det garanterte nivået på 66 prosent, vil du få eit garantitillegg. Viss du ikkje har full oppteningstid, vil garantitillegget verte redusert forholdsmessig.  

Les meir om individuell garanti

Arbeid og inntekt

Du kan ikkje få pensjon så lenge du er stortingsrepresentant eller medlem av regjeringa, eller er tilsett i ein offentleg hovudstilling - det vil seie 80 prosent stilling eller meir.

For alderspensjon etter 75-årsregelen er det eit vilkår at du ikkje på same tid har inntekt som er større enn pensjonen. All pensjonsgivande inntekt, òg frå privat verksemd, er relevant. Dette tyder at du må vere oppmerksam på at mellom anna styrehonorar er pensjonsgivande inntekt i folketrygda. Vurderinga vert gjort framover i tid og innanfor kvart kalenderår.

Du har plikt til å informere oss om endringar i arbeids- og inntektsforhold som vil ha innverknad på retten til pensjon. Vi stansar pensjonen dersom arbeids- og/eller inntektsforhold inneber at du ikkje lenger har rett på den.

Kva må du gjere for å få pensjon?

For å få pensjon må du sende inn søknadsskjema til oss.

Du kan òg få søknadsskjemaet ved å vende deg til oss eller til Stortingets administrasjon.

Tidlegare stortingsrepresentantar

Viss du tidlegare har vore stortingsrepresentant eller vararepresentant og har tre års opptening i pensjonsordninga, kan du ha rett til en framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det tyder at du kan ha rett til alderspensjon når du når aldersgrensa som er 65 år.

Reguleringa av pensjonsgrunnlaget følgjer same reglar som i Statens pensjonskasse.