Ny pensjons­ordning for stortings­representantar og regjerings­medlemmer

Alderspensjonen i den nye ordninga er basert på same prinsipp som ny alderspensjon i folketrygda. Frå lova trådde i kraft 1. januar 2012 gjev alle år på Stortinget eller i Regjeringa pensjonsopptening.

Frå 2012 tener stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer opp tenestepensjonen i ei pensjonsbehaldning der alle år på Stortinget eller i regjeringa tel. Det betyr at jo større pensjonsbehaldninga er, dess høgare vert pensjonen.  

Du kan ta ut pensjonen fleksibelt frå 62 til 75 år. Dette er òg i tråd med prinsippa i den nye alderspensjonen frå folketrygda. 

Nettoordning

Alderspensjonen i denne nye ordninga vert rekna ut som ei nettoyting. Det tyder at tenestepensjonen kjem i tillegg til andre pensjonar, og at den ikkje vert samordna Samordning Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning  med andre ytingar. Dette vert òg kalla ei påslagsordning eller ein byggeklossmodell.

Fleire detaljar om den nye ordninga:

  • Du får pensjonsopptening av inntekter opp til 12 G.
  • Pensjonen skal  levealdersjusterast Levealders­justering Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering .
  • Pensjonen skal  regulerast Regulering av pensjon Pensjonsrettane dine blir regulerte kvart år slik at dei opprettheld verdien over tid. Reguleringen tar utgangspunkt i eit snitt av løns- og prisveksten i samfunnet. Mer om Regulering av pensjon
  • Du beheld tidlegare opptente rettar. Det gjeld òg rettar etter 75-årsregelen, men vidare opptening etter denne regelen er ikkje mogleg etter 1. januar 2012. Dei som held fram i politiske verv, kan derfor få betalt ut pensjon dels etter ny og dels etter gammal ordning.
  • Summen av pensjon i gammal og ny ordning skal ikkje kunne verte høgare enn om all opptening hadde skjedd i gammal ordning.      

Ny eller gammal ordning? 

Den nye lova trådde i kraft 1. januar 2012, med ulike overgangsordningar. Stortingsrepresentantar som har under tre års opptening før 1. oktober 2009, får all opptening etter ny ordning. Regjeringsmedlemmer som har under tre års opptening per 1. januar 2012, får all opptening etter ny ordning.