Alders­pensjon - statsrådar

Ordninga inneber at du får full alderspensjon etter 6 år, og at du kan pensjonere deg når du fyller 65 år.

Full alderspensjon er 57 prosent av den årlege godtgjersla du hadde då du slutta som statsråd. Pensjonen vert sett ned med fem prosentpoeng for kvart år du manglar på full opptening. Det tyder at:

  • 6 år gir 57 prosent
  • 5 år gir 52 prosent
  • 4 år gir 47 prosent
  • 3 år gir 42 prosent

Forsørgjer du barn under 18 år, kan du få utbetalt  barnetillegg Barne­tillegg Dersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga. Mer om Barne­tillegg   

Frå du fyller 67 år skal pensjonen levealdersjusterast Levealders­justering Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering .

Individuell garanti

Om du er statsråd og fødd tidlegare enn 1959, har du ein individuell garanti viss du ventar med å ta ut alderspensjonen din i folketrygda til du vert 67 år. Det tyder at du er garantert mellom 42 og 57 prosent av pensjonsgrunnlaget, avhengig av om du har full oppteningstid eller ikkje.

Dersom summen av den samordna alderspensjonen i tenestepensjonsordninga og alderspensjonen frå folketrygda vert lågare enn det garanterte nivået, vil du få eit garantitillegg. Viss du ikkje har full oppteningstid, vert garantitillegget redusert forholdsmessig.

Arbeid og inntekt

Du kan ikkje få alderspensjon viss du er medlem i regjeringa eller Stortinget eller er tilsett i offentleg eller kommunal teneste i hovudstilling - det vil seie 2/3 stilling eller meir. Det same gjeld dersom du har heiltidsstilling som kommunalt ombud.

Du pliktar å informere oss om endringar i arbeids- og inntektstilhøve som påverkar retten til pensjon. Vi stoppar pensjonen dersom arbeids- og/eller inntektstilhøve gjer at du ikkje lenger har rett på den.

Kva må du gjere for å få pensjon?

For å få pensjon må du sende inn søknadsskjema til oss.

Du kan òg få søknadsskjemaet ved å vende deg til oss eller til Stortingets administrasjon.

Tidlegare statsminister eller statsråd

Dersom du tidlegare har vore statsminister eller statsråd og har opptening i pensjonsordninga, så kan du ha rett til ein framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det tyder at du kan ha rett til alderpensjon når du fyller 65 år.

Reguleringa av pensjonsgrunnlaget følgjer dei same reglane som i Statens pensjonskasse.