Statsrådar

Statsminister og statsrådar har ei eiga pensjonsordning som er regulert i lov om pensjonsordning for statsrådar.

Statsrådar

Statens pensjonskasse administrerer pensjonsordninga. Den har eigne lovfesta særreglar, men følgjer stort sett lov om Statens pensjonskasse. Det er eit vilkår at du òg søkjer om den ytinga du har rett til i folketrygda.

Kven har rett til pensjon?

  • Statsminister og statsrådar
  • Etterlatne etter statsminister og statsrådar

Kva ytingar gjev ordninga rett til?

Krav til oppteningstid

For å få pensjon må du minst ha tre års medlemskap i regjeringa. Viss medlemskapen er kortare, kan du få pensjon viss du har pensjonsgjevande tenestetid i andre tenestepensjonsordningar som er omfatta av lov om samordning av pensjons- og trygdeytingar, jf. §6 i lova.

Klagerett

Klageretten er regulert av reglane i lov om anke til Trygderetten.