Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Pensjonsreforma - vegen vidare

Frå 2011 har vi nye pensjonsreglar i Noreg. Pensjonsreforma omfattar heile pensjonssystemet, og nokon endringar har òg tilbakeverkande kraft. Mykje er på plass, men ikkje alt er avklara.

  • Reglane for alderspensjon frå folketrygda er innførte.
  • Nytt regelverk i offentleg tenestepensjon er vedteke for årskulla 1943 – 1953, og gjeld berre for alderspensjon og AFP.

Kva er nytt?

  • Det skal løne seg å jobbe lenger.
  • Du får fleire valgmoglegheiter.
  • All inntekt tel med i pensjonsoppteninga i folketrygda.
  • Alderspensjonen din skal fordelast på kor mange år det er forventa at du kjem til å leve.
  • Det er innført ny regulering av utbetalt pensjon.

Les meir om hovudprinsippa i pensjonsreforma

 

Kva står igjen?

Her er ei kort oversikt over kva som står igjen av pensjonsreforma for offentleg sektor.

  • Samordning: Samordningsregelverket for 1954 og yngre årskull er ikkje klart. I 2016 kan dei første i 1954-kullet ta ut pensjon, og dei må ha tilgang til informasjon i god tid før dette for å kunne ta kvalifiserte val.
  • Uførepensjon: Fredag 27. mai la regjeringa fram eit lovforslag om nye reglar i folketrygda for uførepensjon og alderspensjon til uføre. Regjeringa tek sikte på at dei nye reglane skal gjelde frå 2015. Fram til det nye regelverket er klart, har regjeringa vedteke tilpassingar av den gjeldande uførepensjonsordninga.
  • Etterlattepensjon: Det er ikkje kjent om det vil verte endringar i ektefelle- og barnepensjon.