Tilsetjings­prosessen

Statens pensjonskasse er omfatta av eit statleg regelverk ved tilsetjingar. Regelverket tek vare på rettane og pliktene til både arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Vi følgjer Statens personalhandbok, tenestemannslova og vårt eige personalreglement ved tilsetjingar.

Tilsetjingsprosessen

Statens pensjonskasse har eit eige tilsetjingsråd som består av representantar frå administrasjonen og arbeidstakarorganisasjonane. Tilsetjingsrådet fattar vedtak om tilsetjingar.


Når du kjem til jobbintervju, møter du minst to personar. Vanlegvis er det den som vil verte din næraste overordna som held intervjuet. Du vil òg møte ein representant for dei tilsette, som er peika ut av arbeidstakarorganisasjonane.

Tilsetjing

Etter intervjurunden vert dei aktuelle kandidatane sett opp i prioritert rekkefølgje, og tilsetjingsrådet får ei innstilling. Så snart innstillingsrådet har fatta vedtak om tilsetjing, kontaktar vi den aktuelle kandidaten.

Sjølve tilsetjingsprosessen tek vanlegvis berre nokre få dagar etter at innstillinga er skriven. Etter at tilsetjinga er vedteken, og vedkomande har takka ja til stillinga, sender personalansvarleg hos oss eit brev som stadfestar startdato, lønnsvilkår, tilsetjingsforhold og eventuelle vedtak om prøvetid.

Personalpolitisk mål

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at medarbeidarane i Statens pensjonskasse skal ha variert bakgrunn både når det gjeld alder, kjønn, kulturbakgrunn og utdanning.

Mangfald blant våre medarbeidarar er eit viktig verkemiddel for at Statens pensjonskasse skal inneha den rette kompetansen og vere den organisasjonen vi ønskjer.