Fire om SPK som arbeidsplass:

Møt våre tilsette

SPK er ei bedrift full av spennande jobbar - og menneske. Møt nokre av dei her.

Marius Gran er seksjonssjef i seksjon utvikling i pensjoneringsområdet. Han har bakgrunn frå konsulentbransjen og har arbeidd i SPK sidan 2012.

Marius er sentral i arbeidet med å auke samhandlinga og prosessforståinga i SPK.

- Hovudgrunnen til at eg valde å skifte jobb, var ønskjet om å vere med å påverke og sjå endring over tid. I SPK får eg vere med på heile togreisa - frå vi forlèt perrongen og avdekkjer behov til reisa er gjennomført og gevinsten effektuert. 

- Som tilsett i SPK så har eg også veldig stor fridom, fridom under ansvar. Eg kan styre delar av kvardagen min sjølv. SPK har veldig fokus på resultat og leveransar. Ein har å gjere med kunnskapsmedarbeidarar, som ofte klarer å organisere kvardagen sin på ein veldig god måte - dersom dei får høvet til det. Det gir ein fridom, som eg trur mange set pris på, inkludert meg sjølv.

Mette Gjertsen er prosjektleiar i seksjon for IT forretningstjenestar. Ho har vore tilsett i Statens pensjonskasse i over 20 år, og er ein av arkitektane bak SPK-modellen - som er ein eigen modell for gjennomføring av komplekse, IT-baserte utviklingsprosjekt.

Mette kom til SPK som IT-utviklar. I 2000 fann ho ut at ho hadde lyst til å gjere noko nytt. Så ho søkte, og fekk, ei stilling som prosjektleiar i eit utviklingsområde. Sidan har ho arbeidd som prosjektleiar i ulike prosjekt. Det største var Perform-prosjektet som gjekk over fire år - frå 2009 til 2012. 

- Eg har vore i SPK i ganske mange år. Det som interesserer meg - og får meg til å bli - er måten vi arbeider med utvikling på i Statens pensjonskasse. Og måten forvaltning og forretning samhandlar på. Dessutan får eg stadig vekk dei utfordringane eg har lyst på. Og det synest eg er veldig gøy.

Anders Warendorph er rådgjevar i avdeling dataforvaltning i kunde-og markedsområdet. Han arbeider med å kontrollere kundedata.

Anders er utdanna statsvitar, men kunne ikkje mykje om pensjon då han starta. Sidan pensjon er eit spesialisert fag, fekk Anders opplæring i pensjonsfaget på SPK sin interne skule.

- I SPK har eg møtt alt frå egyptologar til folk frå Idrettshøyskolen, og dei aller fleste trivst godt og gjer ein god jobb. Da eg starta i SPK, så tenkte eg at det eigentleg var meg og ein drøss med menneske over 60. Men det viste seg å vere veldig feil. Det er ganske spreidd aldersnivå her.

 Anders Warendorph er leiar av Sportsklubben i SPK