Jobb i aktuelt fagområde

Pensjon – aktuelt og tverrfagleg

Ein typisk tilsett i Statens pensjonskasse er 48 år og kan «alt» om offentleg tenestepensjon. Ein minst like typisk SPK-ar er 34 år og Java-utviklar.

I Statens pensjonskasse finn du det største fagmiljøet i landet innan tenestepensjon. Det betyr ikkje at vi "berre" er opptekne av pensjon. Vi administrerar ei rekkje forsikringsordningar og tilbyr bustadlån. Vi er òg kapitalforvaltarar for Pensjonsordninga for apotekverksemd.

Det krev at vi har kompetanse på meir enn pensjon.

IT er eit sentralt verkemiddel

Sidan IT er eit sentralt verkemiddel for at vi skal levere gode tenester, har vi eit stort og dynamisk utviklingsmiljø. Vi har utvikla vår eigen SPK-modell, som er basert på tett samhandling mellom IT-området og forretningsområda.

God innfallsport til yrkeslivet

Nyutdanna aktuar, advokat, bedriftsrådgjevar, IT-utviklar, saksbehandlar, samfunnsvitar, økonom…?

Det er i starten av yrkeslivet den eigentlege utdanninga byrjar, og i Statens pensjonskasse vil du møte seniorar på ditt eige fagfelt. Du vil dessutan få kollegaar med spisskompetanse på heilt andre område.

Evne til tverrfagleg samarbeid er ein etterspurd ”vare” på dagens arbeidsmarknad. Den evna kan du opparbeide deg hos oss, og vi vågar å påstå at Statens pensjonskasse er ein smart stad å starte for den som kjem rett frå skulebenken.

Utfordringar for seniorar

Vi har kundar og medlemmer som skal ha rett faktura og rett pensjon til rett tid. Det tyder sjølvsagd at vi treng folk som kan pensjonsfaget ut og inn. Men det tyder òg at vi treng drevne folk i alle ledd.

Vi treng til dømes deg som er ein erfaren kundebehandlar – og deg som er drivande dyktig på prosjekt og prosessar.

Det er mangfaldet som gjer at mange vert lenge hos oss. Og det er mangfaldet som gjer at mange kjem til oss – etter at dei har vore lenge ein annan stad.