Gode grunnar til å jobbe her

Når du vert tilsett i Statens pensjonskasse, får du ei rekkje rettar og moglegheiter som til saman dannar et verdifullt tillegg til løna di. Nå, og i dei nærmaste åra, blir det ekstra spennande å jobbe her. Vi er på veg inn i ein reformperiode med fleire krevjande og utfordrande utviklingsoppgåver.

God pensjon livet ut

Tenestepensjon frå Statens pensjonskasse, kombinert med folketrygd, gir deg ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg. Les meir om pensjonsordninga.

Gunstig bustadlån

Du kan låne inntil 1,7 millionar kroner – eller 3,4 millionar viss de er to medlemmar i same husstand. Renta ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta. Les meir om bustadlånet vårt

Tryggleik for deg og dine

Tilsette i Statens pensjonskasse har gunstige forsikringsordningar som sikrar deg, dersom du skulle verte utsett for ein sjukdom eller yrkesskade -  og dine etterlatne, dersom du skulle døy.
Les meir om våre forsikringsordningar

Utvikling og karriere

Pensjon er eit viktig samfunnstema – og eit fag for framtida. I Statens pensjonskasse finn du landets største fagmiljø innan tenestepensjon. For å oppretthalde posisjonen som den største leverandøren av offentleg tenestepensjon i Noreg er det dessutan viktig at vi har effektive saksbehandlingssystem og gode beteningsløysingar.

IT er eit sentralt verkemiddel for at vi skal levere gode tenester. Derfor har vi også eit stort og dynamisk utviklingsmiljø.

I førre store reformperiode utvikla vi vår eigen SPK-modell. Prosjekt Perform (2008-2012) har fått gode evalueringar både i norske og internasjonale fag-og forskingsmiljø.

Alle tilsette skal òg ha ein individuell utviklingsplan som kan innehalde eksterne kurs og vidareutdanning.

Mangfaldig arbeidsmiljø

Lågt sjukefråvær, tilfredse medarbeidarar – og ein gjennomsnittsalder som held seg rundt 42-43 år.

Trim og fellesskap

Alle tilsette vert automatisk medlemer i Sportsklubben, som står bak både sportslege og sosiale tiltak. Les meir om Sportsklubben

Sentral plassering

Statens pensjonskasse held til i Verkstedveien 1 på Skøyen, som er eit av Oslos største knutepunkt for kollektivtrafikk.