Samfunnsoppdraget vårt
Vår viktigaste leveranse er tryggleik
Statens pensjonskasse (SPK) er ei forvaltingsbedrift under Arbeids- og sosialdepartementet. Vår oppgåve er å levere pensjon, forsikring og bustadlån på ein enkel og effektiv måte til drygt ein million medlemer i staten, skuleverket og selskap som har, eller har hatt, ei tilknyting til det offentlege.
Våre ordningar er ein viktig del av sparinga til alderspensjon og ei viktig forsikring ved uførleik og for etterlatne.
Det betyr at Statens pensjonskasse representerer tryggleik direkte eller indirekte for nærmare halvdelen av befolkninga i Noreg.
For våre drygt 1 400 kundar er dette ein stor utgiftspost, men også eit viktig verkemiddel for å tiltrekkje seg kompetente arbeidstakarar.
Krav vi skal oppfylle
Samfunnsoppdraget vårt er nedfelt i Lov om Statens pensjonskasse, og oppgåvene våre blir definert i instruks og det årlege tildelingsbrevet frå fagdepartementet vårt.
Vi skal
- utbetale rett yting til rett tid.
- fastsetje og krevje inn rett premie til rett tid.
- sørgje for at tenester og informasjon er tilpassa behovet til medlemsverksemdene og medlemene.
- sørgje for effektiv drift.
- sørgje for god gjennomføring av reformer.
Det siste punktet er særleg knytta til innføring av nytt samordningsregelverk (vedteke i 2018) og innføring av ny offentleg tenestepensjon (vedteke i 2019).