Slik jobbar vi

Statens pensjonskasse har eit omfattande samfunnsoppdrag. For å lukkast, er vi avhengige av brei kompetanse, tett samarbeid mellom fag- og forretningsområda -og eit felles mål.

Statens pensjonskasse sin verksemdsidé er å vere leiande på å levere offentleg tenestepensjon. Det skal vi klare ved å levere kostnadseffektive tenester til forventa kvalitet. Slik skal vi bli oppfatta av medlemer, kundar, styresmakter og omverda elles.

Med «å vere leiande på å levere» meiner vi å vere i fremste rekkje i alle ledd i verdikjeda - frå innsamling og forvalting av data, til kundane får riktig premie og medlemene får riktig pensjon.

Strategisk plattform

For å oppfylle vår verksemdsidé må vi heile tida utvikle oss vidare. Dette skal skje gjennom kontinuerlege forbetringstiltak langs fire aksar:

  • God reformgjennomføring. Ny offentleg tenestepensjon og overgangsreglar vil stå sentralt i  heile strategiperioden.
  • Styrke rådgivarrolla mot departementet og samfunnet elles.
  • Effektiv drift i ei tid med store reformer.
  • Vidareutvikle kulturen, kompetansen, leiinga og styringa vår.

Denne strategien inneber at SPK skal oppnå produktivitetsvekst, slik at posisjonen som den mest kostnadseffektive leverandøren i bransjen blir oppretthalden. Samtidig skal vi utvikle og forbetre leveransar og beteningsløysingar for kundane og medlemene våre på bakgrunn av nytt regelverk.

Heile vegen skal vi ha fokus på å kontinuerleg forbetre, samhandle betre og på å levere solide tenester til forventa kvalitet. 

Organisasjonsform

Vi er ein tradisjonell linjeorganisasjon med fire forretningsområde og fire støtteområde. Men leveransane og tenestene våre følgjer ikkje dei organisatoriske skiljelinjene. For å levere det vi skal, på den måten vi ønskjer at det skal leverast, er vi avhengige av gode, tverrgåande prosessar. Samhandling på tvers er eit vilkår for at vi skal lukkast.

Vi har mange tverrgåande prosessar. Dette er dei tre mest sentrale:

Dataforvaltningsprosessen Startar med at arbeidsgivaren rapporterer alle lønnsdata inn til oss. Leveransen er oppdaterte og korrekte pensjonsdata til bruk i dei vidare prosessane.

Pensjoneringsprosessen Startar med at arbeidsgivaren, eller medlemmet, sender oss melding om pensjonering. Leveransen er pensjonen som pensjonisten får utbetalt.

Premieprosessen Startar med at vi hentar oppdaterte data frå dei to tidlegare prosessane. Så reknar vi ut pensjonsrettar, premie, forpliktelsar og forsikringsteknisk resultat. Leveransen er premiebudsjett, premievarsel, årsoppgjer og kontoutskrift.