Program- og prosjekt­utviklingsområdet

Området si hovudoppgåve er å koordinere, planleggje og gjennomføre utviklingsprogram og prosjekt.

Det inneber at området har eit særleg ansvar for at Statens pensjonskasse gjennomfører regelverksendringar og andre reformer på ein god måte.

Samtidig har området ansvar for at utviklingsprosjekt knytte til dagleg drift blir prioriterte og gjennomførd.

Akkurat no er vi inne i ein omfattande reformperiode, som vil skape store endringar i hovudproduktet vårt - alderspensjon. Aktivitetar knytte til reformene er samla i eit eige program som blir styrt av program- og prosjektutviklingsområdet. Programmet heiter Pro 25.

Området sine oppgåver:

  • Ansvar for gjennomføring av SPK sine utviklingsprosjekt og program. Det inneber ansvar for å organisere eigen utviklingsprosjektportefølje med innsikt i økonomiske, organisatoriske og tekniske oppgåver.
  • Støtte og rettleie prosjekt, for å sikre at dei leverer på kvalitet, framdrift og produktivitet.
  • Ha oversikt over, og styre, SPK sine samla utviklingsprosjekt på ein slik måte at SPK sine ressursar blir utnytta best mogeleg.
  • Programleiing for Pro 25 - SPK sitt pensjonsprogram som skal sikre ei vellukka innføring av nye samordningsreglar og ny offentleg tenestepensjon.

Program- og prosjektutviklingsområdet blir leia av fungerande direktør Ole Martin Gudesen, og har for tida fem medarbeidarar.