Leiinga

I toppleiargruppa sit administrerande direktør saman med leiarane for dei fire forretningsområda og dei fem støtteområda i SPK.

Direktørgruppa i SPK
Leiinga i Statens pensjonskasse: Frå venstre: Per Wold (direktør for IT-området), Ole Martin Gudesen (direktør for program og prosjektutviklingsområdet), Kari Lund (direktør for kapitalforvaltningsområdet og verksemdstyringsområdet), Lise Løwe (direktør for kunde- og marknadsområdet), Finn Melbø (administrerande direktør), Jeanette Christensen (direktør for kommunikasjonsområdet), Harald Lundh (direktør for pensjoneringsområdet), Ole M. Sørlie (direktør for forsikrings- og produktområdet) og Anne Solvang Hoff (direktør for HR-området).

Finn MelbøFinn Melbø, administrerande direktør

Har vore direktør i Statens pensjonskasse sidan 2008. Finn Melbø er utdanna cand. polit. og cand. paed. ved Universitetet i Oslo, og han har lang leiarerfaring frå både kommunal og statleg sektor. Frå 1993 til 2002 var han avdelingsdirektør i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. I 2003 vart han ekspedisjonssjef i Arbeidsgjevarpolitisk avdeling i Fornyings- og administrasjonsdepartementet – der han arbeidde til 2008.