Kommunika­sjons­området

Kommunikasjonsområdet er ansvarleg for den interne og eksterne kommunikasjonen i Statens pensjonskasse, inkludert pressearbeid.

Det inneber mellom anna

  • redaktøransvar for spk.no og intranett
  • redaktøransvar for Pensjonsbloggen og ansvar for SPKs kanaler i sosiale medier
  • ansvar for medie- og samfunnskontakt
  • ansvar for å forvalte den visuelle og språklege profilen til Statens pensjonskasse
  • redaktør og ansvarleg for årsrapporten

Det ligg til samfunnsansvaret vårt å sørgje for at vi bruker klart språk i alle kanalar, og kommunikasjonsområdet har eit overordna ansvar for klarspråkarbeidet vårt.

Området vert leidd av kommunikasjonsdirektør Jeanette Christensen, og har for tida fem medarbeidarar.

Jeanette ChristensenJeanette Christensen, direktør for kommunikasjons­området

Utdanning innan marknadsføring, medievitskap og kommunikasjon. Jeanette Christensen har variert erfaring frå 19 år i Husbanken, der ho mellom anna var leiar for kommunikasjonsstab og avdelingsdirektør for området kommunikasjon, utvikling og læring i Husbanken region Øst. I 2013 blei ho kommunikasjonssjef i Forsvarsbygg Skifte eigedom, og frå 2014 kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg - før ho kom til oss som direktør for kommunikasjonsområdet i oktober 2018.