IT-området

IT-området har eit totalansvar for IT som omfattar drift, forvaltning og utvikling av systemporteføljen i Statens pensjonskasse.

IT er eit strategisk verkemiddel for å utvekle SPK og levere gode tenester. Vi har eit stort og dynamisk utviklingsmiljø, der utviklingsteama er sett saman av både utviklarar, driftarar, testarar og domeneekspertar frå forretningssida.

Våre team gjer all utvikling, anten det er i regi av forvalting eller prosjekt, og dei har ansvar for IT-tenestene i heile livssyklusen. Vi går no inn i ein lengre periode med fleire store og spennande prosjekt.

Vi har eit godt fagmiljø basert på sterk teknisk kunnskap, inngåande kjennskap til SPKs forretning, og ei vilje til å forbetre og forenkle - godt forankra i tankegang frå smidig metodikk. Tett samarbeid med forretningssida, i alle fasar av utvikling og drift, er sentralt i arbeidet vårt.

Vi lèt oss inspirere av DevOps-tankegang, og freistar å gjere det enkelt og raskt å produksjonssetje endringar. Denne måten å arbeide på skal vi fortsetje å vidareutvikle.

Systemporteføljen inneheld mellom anna pensjons- og premieutrekningssystemet, datavarehus og dei interaktive tenestene våre.

Området blir leia av direktør Per Wold og har om lag 75 medarbeidarar.

Einingane i IT-området:

  • Seksjon IT forretningstenester
  • Seksjon IT arkitektur og prosessutvikling
  • Seksjon IT systemutvikling
  • Seksjon IT driftssenter 
  • Seksjon IT innkjøp