HR-området

HR-området har ansvaret for å ta vare på, og vidareutvikle, dei menneskelege ressursane i Statens pensjonskasse.

Det betyr mellom anna at dei har

  • eit overordna ansvar for å forankre strategiar og gjennomføre tiltak innanfor medarbeidarutvikling, leiarutvikling og organisasjonsutvikling
  • ansvar for at SPK til einkvar tid har den riktige kompetansen for å levere på samfunnsoppdraget vårt

Området vert leidd av direktør Anne Solvang Hoff og har fem medarbeidarar.