Leiinga

I toppleiargruppa sit administrerande direktør saman med leiarane for dei fire forretningsområda og dei fire støtteområda  i SPK.

Finn Melbø, administrerande direktør

Finn MelbøHar vore direktør i Statens pensjonskasse sidan 2008. Finn Melbø er utdanna cand. polit. og cand. paed. ved Universitetet i Oslo, og han har lang leiarerfaring frå både kommunal og statleg sektor. Frå 1993 til 2002 var han avdelingsdirektør i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. I 2003 vart han ekspedisjonssjef i Arbeidsgjevarpolitisk avdeling i Fornyings- og administrasjonsdepartementet – der han arbeidde til 2008.

Kari Lund, direktør for verksemdsstyring og kapitalforvaltning

Kari LundSiviløkonom frå Norges Handelshøyskole, med etterutdanning innan finans, strategi og leiing. Kari Lund har variert erfaring innan økonomi, finans, marknadsutvikling og forretningsutvikling frå DnB. I 2001 vart ho viseadministrerande direktør og leiar for Privatdistribusjon i Storebrand Bank, og deretter prosjektdirektør Strategi i Storebrand ASA - før ho kom til oss som økonomidirektør i 2005. Styreverv innan privat og offentleg sektor.

Lise Løwe, direktør for kunde- og marknadsområdet

Lise LøweDiplomøkonom frå BI. I perioden 1981-1999 jobba Lise Løwe i Postbanken, der ho hadde ulike funksjonar – før ho vart avdelingssjef for Elektronisk Betalingsformidling. I perioden 1999-2003 var ho rådgjevar og avdelingsleiar i Cap Gemini Ernst & Young, med ansvar for kunde- og marknadsstrategiar (CRM). Ho kom til Statens pensjonskasse som direktør for pensjonsområdet i 2004.

Harald Lundh, direktør for pensjoneringsområdet

Harald LundhSiviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Harald Lundh har lang og variert leiarerfaring innan kunderetta verksemd og drift, primært frå finansnæringa. I perioden 2003-2004 var han økonomidirektør i Statens pensjonskasse. Deretter gjekk han over i leiarstilling i bank. Han kom tilbake til Statens pensjonskasse som direktør for pensjoneringsområdet i 2009.

Ole M. Sørlie, direktør for forsikrings- og produktområdet

Ole M. SørlieUtdanna siviløkonom frå Lunds universitet i Sverige. Ole M. Sørlie har lang erfaring frå livsforsikringsbransjen, mellom anna frå sal og forretningsutvikling som assisterande direktør i Storebrand livsforsikring. Han var i perioden 2004 til 2006 dagleg leiar for Pekon AS, som tilbyr NRS utrekningar og pensjonskassetenester. Før han kom til Statens pensjonskasse hausten 2012, var han produktdirektør for innskotspensjon i DNB forsikring.

Per Wold, direktør for IT-området

Per WoldEr sivilingeniør frå NTNU, og dessutan utdanna bedriftsøkonom frå Handelshøyskolen BI. Per Wold har brei erfaring frå IT-bransjen, og var mellom anna avdelingsleiar og sjefskonsulent i IT-selskapet Mogul før han kom til Statens pensjonskasse som seksjonsleiar for IT-system i 2003. I 2009 vart han leiar for IT-arkitektur og prosessutvikling i Statens pensjonskasse, og sidan november 2012 har han vore IT-direktør hos oss.

Anne Solvang Hoff, direktør for HR-området

Anne Solvang HoffCand. mag. frå Universitetet i Oslo. Anne Solvang Hoff har erfaring frå HR og organisasjonsutvikling i Alcatel-konsernet, og ho var studiesjef for MBA-studiet på Oslo handelshøyskole - før ho gjekk over som programdirektør for Master of Management-studiet ved Handelshøyskolen BI (1994 – 2001). Frå 2001 var ho seniorrådgjevar med ansvar for leiar- og kompetanseutvikling i Forsvarsbygg. Ho kom til Statens pensjonskasse i 2007.

Kristin Reiten, fung. direktør for kommunikasjonsområdet