Her finn du SPK

Statens pensjonskasse held til i nyoppførde lokale i Verkstedveien 1 på Skøyen i Oslo.

Vi har heile andre og tredje etasje i eit seksetasjes fleirbruksbygg som blir kalla Monier - fordi det er bygt på tomta der Oslo Monier- og Cementvarefabrik eingong låg.

Det viktigaste for oss er at verksemda til Statens pensjonskasse no er samla - etter at vi i fleire år har hatt hovudsete på Frøen, mens viktig utviklingsarbeid har gått føre seg i lokala våre på Majorstua.

Samhandling på tvers av organisatoriske skiljelinjer er ein hjørnestein i det daglege arbeidet vårt, og vi har no lokale som legg til rette for dette. 

Merk: Statens pensjonskasse tek ikkje imot uanmeldt besøk, men kontakt oss gjerne på telefon.


Statens pensjonskasse held no til i Verkstedveien 1, sentralt på Skøyen i Oslo.

MonierbyggetMonierbygget sett frå trikkehaldeplassen Thune i Drammensveien.

Detalj fra Verkstedveien 1
Store fellesområde med kjøkken og sosiale soner. Foto: Kristian Owren/ifi.no

Detalj fra Verkstedveien 1
Alle tilsette i SPK sit i lyse, moderne kontorlandskap. Foto: Kristian Owren/ifi.no

Detalj fra Verkstedveien 1
I lokala finn du store og små møterom, stillerom og multirom med topp moderne teknisk utstyr. Foto: Kristian Owren/ifi.no.

Detalj fra Verkstedveien 1
Luftige og stilreine overflater i lobbyen i første etasje. Foto: Kristian Owren/ifi.no.

Detalj fra Verkstedveien 1
I tillegg til ein eigen kaffibar i inngangspartiet har Monierbygget ei stor kantine med variert meny for dei tilsette i bygget. Foto: Kristian Owren/ifi.no.