Kapittel 6

Årsrekneskap

Statens pensjonskasse har i 2018 inntektsført samla 13,3 milliardar kroner og utgiftsført 10,8 milliardar kroner i løyvingsrekneskapen. Dette gir eit positivt bidrag på 2,5 milliardar kroner, som er 17 prosent lågare enn tilsvarande løyving. Den viktigaste forklaringa på avviket er at utbetalingar av nye lån og refinansieringar frå bustadlånsordninga blei høgare enn forventa i siste del av året.

Resultatrekneskapen viser brutto storleikar innanfor dei ulike ordningane:*

Pensjon: Pensjonspremien er auka med 1,8 milliardar kroner jamført med 2017. Auken kjem av lønns- og bestandsvekst og at høgare vekst i grunnbeløpet i folketrygda gav høgare reguleringskostnader for pensjonistar og oppsette rettar. Pensjonsutbetalingane har på si side auka med netto 1,1 milliardar kroner, i hovudsak som følge av at grunnbeløpet i folketrygda auka med 3,47 prosent, og auken i talet på pensjonistar på 2,8 prosent på årsbasis. Samla pensjonsforpliktingar har stige frå 522 til 543 milliardar kroner. I tråd med statlege rekneskapsstandardar blir ikkje forpliktinga balanseført.

Lån: Samla utlån har falle med 6,4 milliardar kroner til 42,7 milliardar kroner. Dette har ført til at rente- og gebyrinntekter er redusert med 198 millionar kroner, til 1 milliard kroner. I 2018 auka maksimalt lånebeløp til 2 millionar kroner. Samtidig blei rentenivået i forhold til marknaden noko meir konkurransedyktig i løpet av året. Dette bidrog til at fallet i utlånsporteføljen blei noko lågare enn i 2017.

Personskade: Yrkesskade- og gruppelivsordningane viser ei svak endring i premienivå. Utbetale personskade- og gruppelivserstatningar viser òg berre ei svak endring jamført med 2017.

Verksemds­rekneskapar, rekneskapsåret 2018, for:

Statens pensjonskasse
Organisasjonsnummer 982583462 og 974760967

Jernbanens Pensjonskassefond
SPK har internt delt rekneskapen i «SPK forvaltning» (administrasjonsdelen) og «SPK forsikring» (pensjons-/låne- og forsikringsordningane). Dei to rekneskapane er registrerte med separate organisasjons- og rekneskapsførarnummer, men blir avlagde samla.

Rapporten inkluderer òg rekneskapen for Jernbanens Pensjonskassefond.

Pensjonsordninga for apotekverksemd avlegg eigen årsrapport.

Nærmare forklaringar av innretning og oppstilling går fram av prinsippnoten.

Administrasjon

SPK leverte i 2018 eit samla resultat på 106,3 millionar kroner, som er 33,3 millionar kroner svakare enn i 2017. SPK oppnådde kravet til kontant driftsresultat kapittel 2470 på 18,2 millionar kroner og avsetjingar til investeringsformål på 75 millionar kroner. Det er vidare sett av 23,8 millionar kroner til reguleringsfond og trekt 10,7 millionar kroner frå annan verksemdskapital.

SPK hadde ein svak auke i omsetninga med 1,5 millionar kroner. Stadig veksande volum på forvaltning av nye og løpande pensjonar, pluss høgare inntekter på kapitalforvaltning, gav ein inntektsvekst på 9 millionar kroner. I motsett retning trekte lågare volum på administrasjon av statens bustadlånsordning og personskadedekningane.

Samla driftskostnader auka med 37 millionar kroner. Lønnskostnadene auka med 22,5 millionar kroner, primært som følge av ei «normalisering» av pensjonspremien som var ekstraordinært låg i 2017. Bemanninga var marginalt høgare enn i 2017, og lønnsveksten blei halden på linje med ramma i lønnsoppgjeret på 2,8 prosent årslønnsvekst.

Avskrivingane auka med 2,4 millionar kroner, som følge av nyutvikla programvare for handtering av nytt pensjonsregelverk, og tekniske investeringar.

Andre driftskostnader auka med 12 millionar kroner. SPK aukar konsulentbruken samla med vel 7 millionar kroner, der det vesentlege er knytt til førebuingar og utviklingar av IT-system for handtering av nytt pensjonsregelverk. Førebuingar til reformperioden har vidare gitt kostnadsaukar knytte til lokale, IT-utstyr og kompetanseutvikling.

Finanskostnadene er reduserte med 2,1 millionar kroner som følge av nedbetalingar av lånesaldo og redusert rentenivå.

Årsrekneskapane er avlagde i samsvar med føresegner om økonomistyring i staten, rundskriv frå Finansdepartementet og krav frå overordna departement, og gir etter mi vurdering eit rettvisande bilde av SPKs økonomiske status, resultat av verksemda i 2018, og dei kontane løyvingane og transaksjonane.

SPK blir revidert som statleg forvaltningsbedrift av Riksrevisjonen.

Finn Melbøs signatur
Finn Melbø
administrerande direktør

* Rekneskapen viser alle ordningar unntatt Pensjonsordninga for apotekverksemd. For forklaring av heilskapen, sjå note 10.

Last ned heile kapittel 6