Kapittel 5: Vurdering av framtidsutsikter

Når ei samfunns­reform treffer ein teknologisk revolusjon, gjeld det å halde hovudet kaldt

Per er fødd i 1954. Han kan gå av med alderspensjon i 2021, og det er like om hjørnet. Vår viktigaste plikt er å sørge for at vi er i stand til å levere pensjonen hans. Den store utfordringa – både på kort og på lang sikt – er å velje rett måte å gjere det på, 

Når vi skal illustrere framtidsutsiktene til Statens pensjonskasse, er det naturleg å ta utgangspunkt i ein medlem, og det er naturleg å velje ein medlem i 54-generasjonen. Ganske enkelt fordi det nye samordningsregelverket (som kom i juni 2018) og ny offentleg tenestepensjon (som nærmar seg sluttbehandling) gjeld for dei som er fødde i 1954 og seinare.

Heilt frå 2011, då vi fekk nye oppteningsreglar i folketrygda, har vi visst at den verkeleg store reformjobben for oss er knytt til innføringa av ny offentleg tenestepensjon. Vi har førebudd oss på ei framtid med mange parallelle regelverk og tilleggsføresegner – som er nødvendig fordi reglar for pensjonsopptening ikkje er noko som kan endrast over natta.

Med avtalen som blei inngått mellom Arbeids- og sosialdepartementet og partane i arbeidslivet, blei det klart: Der vi før snakka om éin offentleg alderspensjon, snakkar vi no om fire hovudvariantar. Sjå figuren på neste side.

Den viktigaste oppgåva for Statens pensjonskasse akkurat no er å få desse regelverka inn i saksbehandlingssystem og berekningsverktøy i tide.

For å få til det har vi etablert pensjonsprogrammet Pro 25, som skal gå heilt fram til 2025, og som har desse målsetjingane:

  • levere til riktig tid
  • levere riktig kvalitet
  • levere så kostnadseffektivt som mogleg

Utfordring nummer éin handlar om balanse

Å levere til riktig tid er ikkje noko å diskutere. Dersom Per vel å pensjonere seg i 2021, skal vi vere i stand til å betale ut pensjonen hans frå den augneblinken han vel å slutte å jobbe. Men samtidig skal drygt 300 000 eksisterande pensjonistar ha utbetalingane sine.

Reformer skjer ikkje i eit vakuum. Dei vanlege pliktene våre forsvinn ikkje sjølv om vi er midt i ei reformtid, og ei hovudutfordring dei nærmaste åra blir å sørge for den rette balansen mellom utvikling og dagleg drift (les meir om dette i kapittel 1).

Frå éin til fire variantar av offentleg alderspensjon

 

Tal på personar som blir påverka av dei ulike regelverks­endringane

Til og med 1953: 40 700

1954-1958: 82 000

1959-1962: 78 600

1963-2100: 597 000

Figuren viser korleis SPK-medlemmane er fordelte i dei ulike aldersgruppene. Figuren er basert på informasjon som var kjent per 31.12.2018.

Utfordring nummer to handlar om kompleksitet

Same kva slags produkt vi snakkar om, skjer det noko med både produksjonsapparatet og informasjonsapparatet når produktet plutseleg oppstår i fleire ulike variantar. Det blir fleire produksjonslinjer og fleire målgrupper å jobbe med.

Dersom det blir for mange ulike variantar, kan ei kommersiell verksemd bestemme seg for å droppe dei variantane som ikkje lønner seg ressursmessig.

Slik er det ikkje med pensjon. 

Når vi no går frå éin til fire hovudvariantar av offentleg tenestepensjon, pluss fleire undervariantar, kan vi ikkje kutte ut variantar som krev ekstraordinær ressursinnsats. For eksempel fordi dei gjeld så få eller er så komplekse at det berre er delar av saksbehandlingsprosessen som lar seg automatisere.

Eit eksempel

I saksbehandlingssystemet vårt har vi ulike sakskategoriar. Innanfor dei ulike sakskategoriane finst det ulike arbeidsoppgåver, men det er ikkje alle saker som krev at vi utfører alle oppgåvene, for å løyse dei – vi har altså ulike saksgangar innanfor kvar kategori. I 2018 hadde vi 2805 saker i kategorien «nytilgang alderspensjon». Og allereie i dag, med dagens regelverk, har vi identifisert 161 ulike saksgangar innanfor denne kategorien – altså 161 ulike måtar å løyse «nytilgang alderspensjon»-sakene på. Med så mange variablar seier det seg sjølv at automatisering blir komplisert.

I dag er 72 prosent av alle oppgåvene i saksbehandlinga av pensjonar automatiserte. Vi har som mål å oppretthalde den same høge automatiseringsgraden som vi har i dag – trass i at kompleksiteten vil auke. For å nå dette målet er vi nøydde til å utnytte alle moglegheitene informasjonsteknologien kan gi oss. 

Vi må heile tida kjenne til kva som finst av moglegheiter, og vi må evne å velje riktig både på kort og på lang sikt. Kort sagt: Vi må følge med i timen.

Utfordring nummer tre handlar om forventningar

Sidan første dagen, det vil seie i drygt 100 år, har det vore ei soleklar forventning at Statens pensjonskasse skal levere rett pensjon til rett tid. For nokre generasjonar sidan innebar det at pensjonistane sjølv møtte opp og fekk utdelt ein konvolutt med pengar. Dei forventa at innhaldet i konvolutten var rett.

Per, som er fødd i 1954, har langt fleire forventningar. Det er ikkje rart, sidan han òg har langt fleire moglegheiter å velje mellom. Han kan for eksempel ta ut fleksibel alderspensjon frå folketrygda eller gå av med AFP, og han forventar å få hjelp til å forstå kva som lønner seg å gjere, og når.

Forventningane frå generasjonane etter Per er endå større. Fordi det finst fleire regelverk å halde orden på, og fordi dei har vakse opp med at informasjon er noko som finst nokre tastetrykk unna.

Det betyr ikkje at vi pensjonsleverandørar må hive oss på dei siste og fiksaste beteningsløysingane. Men vi må jobbe annleis enn før. Forventningane til tilgjengeleg, rask og korrekt informasjon veks raskare enn nokon gong. Det er òg ei forventning om at vi sikrar effektiv drift i det vi skal levere framover – i ei tid der regelverket blir meir krevjande både å formidle og å forvalte.

Kva er svaret?

Det finst ikkje eitt svar på kva vi skal gjere for å handtere dei utfordringane vi vil møte i dei nærmaste åra. Men eitt av mange svar er at vi må samarbeide med andre aktørar. Og vi må ha solid innsikt i kva medlemmane våre forventar av oss.

Eit anna svar er at vi må evne å utnytte moglegheitene dei teknologiske nyvinningane gir, både i utvikling av eigne system, saksbehandlingsprosessar og beteningsløysingar for medlemmane. I SPK ser vi for eksempel på om bruk av kunstig intelligens kan gi oss nokon forretningsgevinst. Eit område vi vil sjå nærmare på, er bruk av kunstig intelligens i kvalitetssikringa av pensjonsutbetalingar.

Målet er effektivitet og høg kvalitet på alt vi leverer.

Det gjeld ikkje minst pensjonen til Per og alle andre som kan ta ut ny offentleg tenestepensjon i 2021.

Vi har berre tida og vegen.

Last ned heile kapittel 5