Kapittel 4

Styring og kontroll av verksemda

Statens pensjonskasse har god styring og kontroll på verksemda. Òg i 2018 nådde vi alle vesentlege resultatkrav fagdepartementet vårt har fastsett. Det har ikkje blitt identifisert nokon vesentlege brot i internkontrollen vår, eller frå intern revisor, og vi fekk rein revisjonsmelding frå Riksrevisjonen.

Etatsstyring

Det er god styringsdialog mellom Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) og SPK. Vi har hatt tre ordinære etatsstyringsmøte med gjennomgang av årsrapport og tertialrapportar, i tillegg til fleire særmøte om SPKs pensjonsprogram Pro 25.

Dei mest sentrale temaa i styringsdialogen med departementet i 2018 var:

  • pensjonsprogrammet Pro 25
  • vidareutvikling og implementering av modernisert premiesystem og avkastningsmodell
  • vidareutvikling av pris- og kostnadsmodellen vår 

Korleis vi driv styring og kontroll

Heilskapleg verksemdsstyring

SPK har etablert ei heilskapleg tenking om verksemdsstyring i SPK, der vi styrer mot både kortsiktige og langsiktige mål. For å vareta heilskapsperspektivet har vi integrert mål- og resultatstyringa med risikostyring og tiltaksstyring. Vidare held vi fram med å integrere prosessdimensjonen i den heilskaplege styringa. I den interne rapporteringa er vi dermed opptatt av å vise korleis alt heng saman: mål- og resultatstyring, økonomistyring, risikostyring, porteføljestyring og prosesstyring. Alle utviklingsaktivitetane våre inngår i SPKs porteføljestyring.

Økonomistyring

SPKs eksterne økonomirapportering er basert på dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) i tillegg til ordinær rapportering til statsrekneskapen i tråd med kontaktprinsippet. Den interne økonomioppfølginga er basert på dei periodiserte rekneskapane. Resultata blir følgde opp mot årlege, periodiserte budsjett, supplerte med kostnadsanalysar på kundegruppe- og produktnivå.

SPKs prosjekt og andre utviklingsaktivitetar blir løpande følgde opp som ein integrert del av resultatrapporteringa frå forretningsområda til toppleiinga.

Risikostyring inkl. internrevisjon

Risikostyringa i SPK er etablert etter prinsippet om tre forsvarslinjer. Første forsvarslinje består av alle områdedirektørar og anna leiing i forretningsområda og utgjer den daglege risikostyringa. Andre forsvarslinje består av ein sentral risikostyringsfunksjon med fagansvar og ansvar for overordna risikooppfølging, som er uavhengig av linja. Tredje forsvarslinje er internrevisjonen, som rapporterer til administrerande direktør.

Vi har tertialvise risikogjennomgangar på kvart forretningsområde og samla for SPK, der risikoar blir vurderte opp mot strategiske mål, etterleving av lover og reglar og påliteleg rapportering.

Risikovurdering av utviklingsprosjekt og tryggleik og beredskap er basert på same metodikken som anna risikostyring i SPK. Vidare utarbeider vi halvårsplanar for internrevisjon og gjennomfører fire til seks internrevisjonsprosjekt i året.

Tryggleik og beredskap

Det operative ansvaret for tryggleik og beredskap ligg i linja og følger av behandlingsansvar og systemeigarskap. I tillegg har SPK eit tryggleiksråd – eit tverrfagleg organ som understøttar toppleiinga i avgjerder og prioritering av tiltak som gjeld tryggleik og beredskap.

Aktivitetar i 2018

I andre halvår 2018 sette SPK i gang eit strategiarbeid for perioden 2019–2023. For å sikre gjennomføringskrafta i pensjonsprogrammet Pro 25 etablerte vi 1. september eit nytt forretningsområde for program- og prosjektutvikling i SPK.

Dessutan held vi fram med det kontinuerlege forbetringsarbeidet og vidareutviklar retningslinjer, prosedyrar, styringsmetodar og verktøy baserte på beste praksis.

Økonomistyring

På økonomistyringsområdet har dei viktigaste utviklingsaktivitetane i 2018 vore planlegging og tilrettelegging for økonomisk oppfølging av prosjekta under pensjonsprogrammet Pro 25, og tilpassing/vidareutvikling av pris- og kostnadsmodellen.

Tryggleik og beredskap

Som i fjor blei mykje av tryggleiksarbeidet i 2018 retta mot GDPR (General Data Protection Regulation) og konsekvensane denne EU-forordninga får for saksbehandling og systemløysingar i SPK. Ei rekke tiltak er gjennomførte i løpet av året for å bringe system og prosessar i tråd med nytt lovverk. (Les meir om dette i kapittel 3.3.4.)

I 2018 evaluerte vi organiseringa av tryggleiksarbeidet i SPK. Som følge av dette har vi vedtatt å gjere enkelte organisatoriske grep: Det tverrfaglege tryggleiksrådet vil bli lagt ned og skal erstattast av ein permanent seksjon i IT-området med tilsvarande bemanning og mandat. Endringa blei vedtatt ved utgangen av 2018 og vil bli gjennomført i løpet av 2019. Når det gjeld beredskap, gjennomførte SPK ei varslingsøving for heile organisasjonen, og innan brannvern blei det gjennomført éi planlagd evakueringsøving.

Resultat i 2018

Resultat og leveransekrav

SPK nådde alle vesentlege mål, resultatkrav og leveransekrav ASD fastsette i det årlege tildelingsbrevet, med unntak av behandlingstid på lån, der høgare låneramme og lågare lånerente førte til større søknadsmengd enn vi hadde kapasitet til å behandle.

I 2018 har vi gjennomført alle vesentlege utviklingstiltak i tråd med planen. Det mest sentrale tiltaket i 2018 var å setje i gang pensjonsprogrammet Pro 25, og det som har vore vektlagt i 2018, er å implementere nye samordningsreglar for årskulla 1954–62. (Les meir om utviklingstiltaka våre i kapittel 3.1 og kapittel 3.3.1.)

Risikostyring og internrevisjon

Risikoane til SPK er i stor grad knytte til gjennomføringa av pensjonsprogrammet Pro 25, det vil seie i kva monn vi har kapasitet til å levere planlagt omfang for dette, og om vi har tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse. Å tilfredsstille informasjonsbehovet til medlemmar når regelverket ikkje er vedtatt, er òg utfordrande. Og vidare har vi høg driftsrisiko som følge av innretninga av dagens avkastningsmodell. 

Gjennom året har vi gjennomført fleire internrevisjonsaktivitetar, blant anna gjennomgang av innkjøpsprosessen, varslingsordninga vår og avgjerdsprosessane våre. Konklusjonen til internrevisoren er, som tidlegare år, at SPK har eit modent og godt regime for internkontroll, og at det er på plass planverk, budsjett, styringsdokument og rapporteringar som dekker breidda av organisasjonen. 

Tryggleik og beredskap

Vi vurderer tryggleikssituasjonen i SPK som tilfredsstillande og totalt sett relativt uforandra jamført med føregåande år. SPK gjennomfører kontinuerleg større og mindre tiltak for å forbetre tryggleiken. Samtidig ser vi ei stadig endring i trusselbildet, og krava til tryggleik er blitt strengare. Vi meiner balansen mellom dei forbetringsbehova vi har sett, og dei tiltaka vi har gjennomført, er tilfredsstillande.

SPK hadde ingen alvorlege eller kritiske hendingar knytte til personvern eller informasjonstryggleik i 2018. Men: Vi hadde éi alvorleg forstyrring av drifta. Denne blei handtert slik at den ikkje fekk vesentlege følger for evna vår til å produsere løpande tenester til kundane og medlemmane våre. Hendinga førte ikkje til nokon fare for brot på konfidensialitet eller integritet i behandlingane våre.

Riksrevisjonen

Interimsrevisjonen hausten 2018 gjekk blant anna gjennom prosessar i samband med pensjon, personskade og bustadlån. Vi fekk rein revisjonsmelding frå Reiksrevisjonen.

Frå fellesføringar

I tråd med fellesføringa om inkluderingsdugnad i staten har SPK tilsett éin medarbeidar med hol i CV-en sidan 01.07.2018, som svarer til 6,25 prosent i perioden. Sjå nærmare omtale i vedlegg bakarst i rapporten.

Når det gjeld fellesføringa for å motverke arbeidslivskriminalitet hos underleverandørar, har vi i 2018 innført nye rutinar for inngåing og oppfølging av kontraktar. Undersøkingar hos leverandørane våre har ikkje avdekt noko urovekkande. Sjå nærmare omtale i vedlegg bakarst i rapporten.

Last ned heile kapittel 4