Kapittel 3.3.3

Utgreiing om lån

Statens pensjonskasse forvaltar bustadlånordninga på vegner av staten. Som eit resultat av tariffoppgjeret våren 2018 blei låneramma utvida frå 1 700 000 til 2 000 000 kroner, og talet på lånesøknader vaks med 37 prosent frå 2017. I juli blei renta sett ned frå nominell 2,178 prosent til 2,080 prosent.

Dette leverer vi

Medlemmar og pensjonistar kan søke om bustadlån på inntil 2 000 000 kroner med tryggleik i eigen bustad. Vi gir lån til kjøp av bustad, refinansiering og lån til oppussing av eigen bustad.

Samfunnsverdi

SPK har forvalta låneordninga sidan 1966. Bustadlånsordninga er ein avtale for statstilsette som er forhandla fram av partane i arbeidslivet, og i 1988 blei avtalen knytt til Hovudtariffavtalen i staten.

Målsetjinga vår er at vi skal ha effektiv og profesjonell forvaltning av låneordninga, og at kundane opplever søknadsprosessen som rask og med gode digitale løysingar. Ved utgangen av 2018 hadde SPK 44 300 lånekundar, mot 49 800 ved utgangen av 2017. Utlånsporteføljen var på 42,8 milliardar kroner per 31.12.2018*. Dette er ein nedgang på 13,2 prosent, målt mot same periode i 2017, men nedgangen er mindre enn året før. Dette heng saman med at låneramma blei utvida, noko som resulterte i fleire lånesøknader.

Utvikling i talet på lånekundar og utlånsvolum

Talet på lånekundar sokk med 11 prosent frå 2017 til 2018, og det totale utlånsvolumet blei redusert med 13,2 prosent i same periode. Talet på søknader om lån auka med 37 prosent frå 2017.

Produksjon

SPK fekk inn 6 850 søknader i 2018, fordelte på 540 søknader om kjøp av bustad og 6 310 søknader om refinansiering og oppussing. Vi betalte ut 3 742 lån, og gjennomsnittleg utbetalt beløp var på 1 414 000 kroner. Dette var 19,1 prosent fleire lån enn i 2017. Det blei innfridd 9 287 lån, som er ein nedgang på 7,2 prosent sidan 2017.

Mengda lån som blir misleghaldne, er framleis lita og utgjer 0,087 prosent av utlånsporteføljen.

Søknader om bustadlån (både nye lån og refinansiering) skal behandlast innan 14 dagar. Dette målet blei ikkje nådd, sidan kapasiteten ikkje var i tråd med auken i nye lånesøknader. Ved utgangen av året var behandlingstida oppe i 50 dagar. Vi tok grep for å styrke saksbehandlingskapasiteten.

Medlemsbetening

I 2018 sende vi ut tre spørjeundersøkingar om prosessen for å søke lån i Statens pensjonskasse. Målingane viser at 95 prosent av dei som søker lån hos oss, alt i er alt er godt eller særs godt nøgde med søknadsprosessen.

I samband med hevinga av låneramma var det 8 prosent fleire som kontakta SPK i siste halvår enn i same periode i 2017. Årsaka er spørsmål knytte til heving av låneramma. Totalt sett for året var det ein nedgang i talet på folk som kontaktar oss, på 1,3 prosent jamført med året før.

I 2018 oppgir 89 prosent av lånesøkarane at dei har nytta spk.no for å få informasjon om bustadlånsordninga, mot 91 prosent i 2017. Gjennomsnittleg samtaletid med kundebehandlar på kundesenteret blei redusert med 5 prosent. Årsaka til nedgangen er enklare spørsmål knytte til heving av låneramma og spørsmål knytte til behandlingstider.

Den største endringa i korleis medlemmane tar kontakt med SPK, er på chat. Totalt sett fordeler kontakten om bustadlånsordninga seg slik: 62 prosent på telefon, 19 prosent på e-post og 19 prosent på chat.

Vurdering av resultat – med vekt på produktivitet og ressursbruk

Som resultat av utvida låneramme og redusert rente fekk vi inn 37 fleire lånesøknader i 2018 enn i 2017.

Det har vore heilt sentralt å få på plass riktig bemanning for å møte pågangen av nye lånesøknader. Det siste halvåret av 2018 har vi arbeidd med rekruttering og opplæring. Vi ventar at behandlingstida vil gå ned mot målkravet i byrjinga av 2019.

Produktivitetsindikator

I tillegg til mål- og styringsparametrane i tildelingsbrevet (sjå kapittel 3.2) har vi våre eigne, interne måltal for produktivitet.

SPK har innført gode digitale løysingar for medlemmane våre når dei skal søke lån. Dette har gjort søknadsprosessen enklare for medlemmen og har bidratt til å effektivisere delar av lånesaksbehandlinga. Totalt sett for året ligg vi likevel under produktivitetsmålet, men det kjem av at vi i siste halvår har gjennomført mykje opplæring av nye ressursar i samband med auken i saksmengda.

Lånekundane vår er veldig tilfredse, men vi ser at forventningane blir høgare etter kvart som nye produkt og tenester blir utvikla i samfunnet elles. Basert på dette er det framleis element vi kan digitalisere ytterlegare. For eksempel når det gjeld digital innhenting av offentlege data til bruk i søknadsbehandlinga.

Intern produktivitets­­indikator knytt til lånMål 2018Resultat 2018Kommentar
Produktivitet bustadlån
Porteføljeaktivitet per årsverk per år. (Snitt-talet på saker per månad i heile forvaltninga, både forvaltning av løpande portefølje og behandling av søknader.)
88 85 Noko bak målkravet. Årsaka er opplæring av nye ressursar siste delen av 2018.