Kapittel 3.3.2

Utgreiing om personskade­forsikring

Statens pensjonskasse forvaltar fleire erstatningsordningar på vegner av staten. I 2018 betalte vi ut totalt 329 millionar kroner i erstatning. Vi har i hovudsak greidd å levere i tråd med måla samtidig som vi har jobba med å forbetre arbeidsprosessane våre.

Dette leverer vi

Statens pensjonskasse leverer personskadeordningane på vegner av staten. Desse ordningane er:

  • yrkesskadeforsikring, som dekker yrkesskade og yrkessjukdom
  • gruppelivsordninga, som blir betalt ut som eingongsbeløp til etterlatne ved død
  • kompensasjons- og erstatningsordningar for skadde vernepliktige, soldatar og veteranar
  • personskadar som er valda av statlege bilar
  • personskadar som er omfatta av særavtalar for tenestereiser innanlands og utanlands og for stasjonering i utlandet og andre tariffesta erstatningsordningar for statstilsette

Samfunnsverdi

Personskadeordningane er med på å sikre medlemmane tryggleik i alle livsfasar. Om uhellet er ute, gir personskadeordningane dei skadelidde eller deira etterlatne ei eingongsutbetaling. 

SPK innvilga gruppelivserstatning i 197 saker i 2018. Dette var ein auke på 6 prosent frå 2017. Det er å rekne for ein naturleg variasjon. SPK betalte ut 180 millionar kroner i gruppelivserstatning i 2018. Det er ein auke på 7 prosent, som i hovudsak kjem av auken i saksmengda.

SPK betalte ut 76 millionar kroner i yrkesskadesaker i 2018, mot 77 millionar i 2017. Nivået på utbetalingane er relativt stabilt frå år til år. Vi betalte ut i underkant av 6 millionar kroner etter bilansvarslova og litt over 2 millionar kroner etter særavtalar for reiser for statens rekning og andre særavtalar. I tillegg betalte vi ut 2 millionar kroner i erstatningar til vernepliktige. 

Utvikling i talet på innmelde saker


Kompensasjonsordningane er ordningar for veteranar som var utstasjonerte mellom 1978 og 2009. Dei fleste av søknadene til denne ordninga kom inn i åra etter 2010, då ordninga blei oppretta. Dermed er talet på innmelde veteransaker langt lågare i dag. Totalt blei det meldt inn om lag 1000 saker i 2018.

SPK betalte ut 62 millionar kroner i erstatningar til veteranar. 45 millionar av desse var knytte til kompensasjonsordninga, og 17 millionar til andre erstatningsordningar for veteranar. I 2017 betalte vi ut 58 millionar kroner i erstatningar til veteranane. Utbetalingane auka dermed med 8 prosent frå 2017 til 2018.

Kundane til SPK betalte inn 233 millionar kroner i premie for gruppeliv og yrkesskade.  

Produksjon

I 2017 hadde vi kring 1 100 innmelde personskadesaker. I 2018 låg nivået på kring 1 000 nye saker. Hovuddelen av desse er yrkesskadesaker, som utgjorde i overkant av 600 saker.

SPKs eige resultatkrav er at minst 85 prosent av erstatningsbeløpa skal betalast ut innan fire veker, at folk som tar kontakt, skal få svar innan 30 dagar, og utbetalingar av at gruppelivserstatning skal skje innan sju vyrkedagar etter at fullstendig dokumentasjon ligg føre.

I 2018 blei 87 prosent av erstatningsutbetalingane i personskadesakene gjorde innan fristen, og det var 1 brot på utbetalingsgarantien i gruppelivssaker. I periodar har vi dessverre ikkje greidd å halde svarfristen på 30 dagar grunna redusert bemanning. Ved utgangen av 2018 hadde vi 774 saker under arbeid, omtrent på same nivå som i fjor. Talet på avslutta saker ligg òg omtrent på same nivå som i 2017.

Til trass for at kompensasjonsordninga for veteranar frå internasjonale operasjonar no har vore gjeldande i åtte år, får vi framleis inn mange nye saker, og har derfor heile tida særs mange saker til behandling.

Kompensasjonsordninga består av del 1, som gir inntil 35 G* (ca. 3,3 millionar kroner), og del 2, som gir inntil 65 G (ca. 6,2 millionar kroner) i erstatning.

Ser vi samla på kompensasjonsordninga del 1 og del 2, har 770 personar søkt erstatning etter 1. januar 2010. Av desse har 54 prosent fått innvilga erstatning på til saman 1,4 milliardar kroner.

27 prosent har fått avslag. Den gjenverande gruppa består av saker som er blitt kategoriserte som lagde vekk – fordi personane det gjaldt, har trekt søknaden eller har latt vere å svare når vi har tatt kontakt.

I 2018 fekk vi inn 48 nye søknader etter kompensasjonsordninga, mens vi avslutta 90 saker.

Utbetalingar for personskade og gruppeliv


Figuren viser ei oversikt over utbetalingar i 2018 for forsikringsutbetalingane som SPK administrerer. Totalt blei det betalt ut 329 millionar kroner i forsikringsutbetalingar, ein auke på 5 prosent frå året før. Beløpa i figuren er ikkje fråtrekte refusjonar frå arbeidsgivar, og er klassifiserte etter forsikringsordning. Dei avvik derfor frå tala i årsrekneskapen, som inkluderer refusjonar.

Medlems- og kundebetening

Avgjerdene vi treffer, skal vere riktige. Ambisjonen vår er å behandle alle saker utan grunnlaust opphald. Dersom det blir opphald i ei sak, kan det komme av fleire ting.

I ei personskadesak må vi ofte hente inn omfattande dokumentasjon – frå fleire partar. Det kan òg ta tid å komme fram til ei avgjerd, fordi det ofte må gå minst eitt år før ein kan vurdere dei medisinske konsekvensane av ein skade. Det kan for eksempel vere nødvendig å bruke tid for å prøve seg i arbeid. Vi legg vekt på å vere i tett dialog med den skadelidde og/eller advokaten til medlemmen undervegs i heile prosessen.

Når det gjeld veteransakene, det vil seie søknader om kompensasjon for psykiske skadar som følge av internasjonal teneste, blir saksbehandlinga ofte spesielt krevjande. Blant anna fordi det kan vere vanskeleg å fastslå om dårleg psykisk helse kjem av belastning under teneste eller av vanskar seinare i livet.

Vedtaka SPK treffer i veteransaker, kan klagast inn for ei særskild, uavhengig klagenemnd. Vi møter fast i klagenemnda, deltar på konferansar og arbeider for å ha god dialog og forståing mellom partane i desse sakene.

I 2018 har vi jobba med å forbetre arbeidsprosessane våre på ulike måtar. Vi har for eksempel sett at vi i mange tilfelle kan yte betre, og raskare, betening ved å ringe framfor å sende brev eller e-post. Både fordi vi får raskare avklaringar, og fordi det som regel er enklare å forklare komplisert regelverk over telefon enn i eit brev eller ein e-post. 

Gjennom 2018 har vi òg forbetra og brukartesta breva våre. Og vi sende ut den første medlemsundersøkinga til alle som hadde fått avslutta saka si i oktober, november og desember 2018. Vi vil analysere svara og sjå på moglege forbetringstiltak i 2019.

Samla vurdering av resultat – med vekt på produktivitet og kostnadseffektivitet

Intern produktivitets­­indikator knytt til personskade­­sakerMål 2018Resultat 2018Kommentar
Tal på forsikrings­­avgjerder per årsverk i personskade­avdelingane 108 131 Talet på avgjerder har vakse fordi personskade-avdelingane har tatt over behandlinga av gruppeliv-sakene.

Vi ser at effektiviteten per årsverk har auka, men at vi i periodar har hatt lengre svartid enn ønskeleg grunna redusert bemanning som følge av sjukefråvær. Totalt sett har vi likevel greidd å levere i tråd med måla. 

* G står for grunnbeløpet i folketrygda.