Kapittel 3.3.1

Utgreiing om pensjon

Pensjon er hovudproduktet vårt. Opp mot 90 prosent av dei samla kostnadene til Statens pensjonskasse er knytte til administrasjon og produksjon av pensjonsytingane våre. I 2018 vaks ressursinnsatsen i samband med pensjon betydeleg fordi vi har arbeidd med å implementere nye samordningsreglar og førebu innføringa av ny offentleg tenestepensjon.

Trass omfattande reformarbeid har vi halde drifta stabil og kvaliteten høg i heile pensjonsprosessen, samtidig som effektiviteten per årsverk har auka.

Dette leverer vi

SPK administrerer pensjonsordningar for over éin million medlemmar. Kvar månad sørger vi for at drygt 300 000 pensjonistar får utbetalingane sine. SPKs hovudoppgåve er å gi enkeltmenneske økonomisk tryggleik den dagen dei går av med pensjon eller blir uføre. Vi gir òg familien økonomisk tryggleik om medlemmen sjølv skulle falle frå.

Tenestepensjonsordningane SPK forvaltar, omfattar desse ytingane:

  • alderspensjon, når medlemmen vel å ta ut pensjon
  • alderspensjon særalder, for medlemmar som er i ei stilling med lågare aldersgrense
  • AFP, når medlemmen vel å gå av tidleg
  • uførepensjon, når medlemmen blir sjuk eller skadd
  • etterlatnepensjon – når ein medlem døyr, får ektefelle og barn etterlatnepensjon

Kvar enkelt pensjon vi betaler ut, er resultat av ein omfattande prosess som inneheld langt meir enn sjølve pensjoneringa – altså overgangen frå yrkesliv til pensjonisttilvære.

Pensjonsprosessen startar eigentleg ved byrjinga av yrkeskarrieren. Då begynner arbeidsgivaren å rapportere inn lønns- og stillingsdata til oss. Månadleg ajourhald av medlemsdata, ikkje minst som følge av endra stilling, lønn eller arbeidsgivar, eventuelt uførleik – og alle andre endringar som betyr noko for rettane til medlemmen – representerer ein vesentleg del av arbeidsoppgåvene våre i samband med pensjon. Pensjonsberekning, premieberekning og fakturering er andre arbeidskrevjande område. 

I kapittel 2.5 viser vi dei tre viktigaste prosessane våre: dataforvaltningsprosessen, pensjoneringsprosessen og premieprosessen. Utgreiinga i dette kapittelet omfattar alle desse prosessane.

I tillegg til å levere pensjon har vi òg eit særleg ansvar for å informere om offentleg tenestepensjon generelt, og vi bistår Arbeids- og sosialdepartementet med utgreiingar og analysar.

Samfunnsverdi

SPKs viktigaste samfunnsoppdrag er å sikre rett yting og rett premie til rett tid. Dette skal vi gjere så kostnadseffektivt som mogleg. Og vi skal gjere det i tråd med stadige endringar i regelverket.

SPK har derfor ei viktig rolle å spele for å bidra til at dei reformene Stortinget vedtar, faktisk blir gjennomførte. Dette inneber eit ansvar for å informere medlemmane våre og svare på spørsmål dei måtte ha, gjerne lenge før reforma er vedtatt eller ytinga skal betalast ut. Det inneber òg eit ansvar for å tilpasse systema våre for å berekne både premie og ytingar – gjerne innanfor særs knappe tidsrammer.

I 2018 fekk vi nye reglar for samordning mellom folketrygd og offentleg tenestepensjon. Nytt regelverk for offentleg tenestepensjon blei sendt på høyring. Les meir om dette i kapitla 1, 2.2 og 5.

Som nemnt i innleiinga til dette kapittelet administrerer SPK fleire ulike ordningar. Felles for dei ulike ordningane har vore at vi har levert éin hovudvariant av alderspensjon. Når dei nye reglane tar til å gjelde, vil variasjonen vere så stor at vi kan snakke om fire variantar av alderspensjon.

Endringane får store konsekvensar for medlemmane, medlemsverksemdene og oss.

I kapittel 5 gjer vi greie for dei langsiktige verknadene av nytt regelverk. Utviklingsarbeidet er samla i pensjonsprogrammet vårt – Pro 25. Sjå utgreiing i eiga ramme.

Dei store tala

Per 31.12.2018 hadde vi ein premiereserve på 551 milliardar kroner. Dette er summen av pensjonsrettane som våre drygt 1 million medlemmar har tent opp basert på dagens regelverk.

 TalEndring frå 2017Utbetalingar (mrd.)Endring frå 2017
Alderspensjonar 205 000 4,4 % 15,4 5,6 %
Særalderspensjonar 12 000 4,9 % 2,7 8,0 %
Etterlatnepensjonar 52 000 0,8 % 3,9 1,8 %
Uførepensjonar 44 000 -1,8 % 2,4 -3,3 %
AFP-pensjonar 13 000 1,4 % 3,5 5,6 %
  325 000   27,8  

Figuren viser korleis dei 325 000 pensjonane fordeler seg mellom dei ulike pensjonsytingane. (Tala er runda av).

Utvikling i premiereserve:


I 2018 auka premiereserven (opptente pensjonsrettar) med 21 milliardar kroner. 18 milliardar kroner av denne auken kjem av endringar i samband med alderspensjon. Auken er omtrent tilsvarande den i 2017, men fordelinga er annleis. Alderspensjon har auka med 18 milliardar kroner, mot 9 milliardar kroner i 2017. Dette kjem av sterkare lønnsvekst og sterkare regulering av pensjonen i 2018. I motsett lei ser vi at AFP-reserven har minka jamført med 2017. Det kjem av at auken i fjor var spesielt stor, og i 2018 er vi tilbake på normalnivået.

Utviklingar i bestand og utbetalingar

Per 31.12.2018 hadde vi i overkant av 300 000 pensjonistar. Til saman fekk dei utbetalt 325 000 pensjonar. Det betyr at nokre av medlemmane fekk utbetalt meir enn éi yting.

Alderspensjonsutbetalingane utgjer over halvparten av dei samla utbetalingane målt i kroner. Endringar som gjeld alderspensjon, vil derfor avgjere totalbildet av noverande og framtidige samla pensjonsutbetalingar. Talet på alderspensjonistar aukar og er venta å auke i fleire år framover.

Særalder held fram med å vekse. Årsaka er at talet på yrkesaktive med særaldersgrense som når pensjonsalder, er aukande. Tilnærma like mange uføre som yrkesaktive tok ut særalderspensjon i 2018. Med tanke på storleiken til gruppa er det ein stor overgang frå uføre til særalder.

For uføre har vi registrert ein reduksjon i bestanden både før og etter uførereforma i 2015. Det er derfor mogleg at det er ein samanheng mellom reduksjonen i talet på uføre og auken i talet på dei som kan ta ut særalderspensjon. Framover ventar vi å sjå ein auke i særaldersgruppa.

Vi forventa at talet på aktive i AFP-alder skulle stige i 2018, for så å falle framover mot 2022. I 2018 observerte vi at talet på AFP-uttak hadde stige, som er i tråd med denne forventninga.

Tendensen til å ta ut AFP var fallande fram til 2015. Frå 2016 og fram til i dag har det vore ein svak auke. Hovudforklaringa til auken i talet på AFP-utbetalingar i 2018 kjem derimot av at det var fleire aktive i AFP-alder i 2018 jamført med 2017. 

Utviklingar i premie og kundemasse

I 2018 fekk vi inn 23,3 milliardar kroner i pensjonspremie frå kundane som har pensjonsordninga si hos oss. Dette er ein auke på 1,9 milliardar frå 2017.

Hovudårsaka til dette er sterkare regulering av grunnbeløpet i folketrygda og høgare lønnsvekst og lønnsvekstforventningar i 2018 jamført med 2017. 

Samtidig som talet på premiebetalande kundar har gått opp, er den totale kundemassen i hovudsak uendra. I 2018 valde fleire av kundane våre innanfor samferdselssektoren å lukke pensjonsordninga si i SPK, men dei vil halde fram med å vere kundar i lang tid framover for delar av sine tilsette.

I tida framover ser vi at det vil komme fleire endringar i kundemassen, blant anna grunna kommunesamanslåingar og reformer i offentleg sektor.

Premiereserve per dekking


Figuren viser fordelinga av premiereservar (opptente pensjonsrettar) fordelte på dei ulike pensjonsdekkingane SPK administrerer. Ført opp i milliardar kroner.

SPK bistår departementet gjennom å delta i arbeidsgruppa departementet har sett ned til å greie ut kva for hovudprinsipp som skal ligge til grunn for det framtidige premiesystemet i SPK.

Om lag 70 fristilte verksemder blir spesifikt følgde opp, utan at premien blir jamna ut med andre. Desse får årleg kontoutskrift med avrekning av rente- og risikoresultat.

Produksjon

Pensjonsutbetalingane skal vere riktige. Kravet i tildelingsbrevet er at minst 96 prosent av nye pensjonar skal vere korrekte ved første gongs utbetaling, og at minst 96 prosent av endringane i løpande ytingar skal vere korrekte.

Utbetalingane skal òg skje til rett tid: Alle nye pensjonar skal betalast ut frå første månad etter siste lønning, så framt SPK har fått dokumentasjon vi treng.

SPK skal levere rett premie til rett tid. Kravet er at 98 prosent av premiane skal vere korrekte, og faktura skal effektuerast i tråd med fakturadatoen som er avtalt med verksemdene. 

Desse kvalitetskrava er upåverka av endringar i lover og pensjonsregelverk. Derfor er det eit viktig mål å gjennomføre reformer og utvikle system for nye regelverk på ein god måte – utan at det forstyrrar den daglege drifta og det vi leverer til medlemmane våre.

Som ein del av innsatsen for å effektivisere offentleg sektor har vi sett oss som mål å handtere eit jamt veksande tal pensjonar utan å auke talet på årsverk i den delen av verksemda som har ansvar for pensjonsberekning og -utbetaling.

Avkastning på pensjonsmidlar

Avkastninga på pensjonsmidlane betyr mykje for kostnaden for ei pensjonsordning. For fristilte statlege verksemder som er organiserte som AS/ASA, og enkelte andre verksemder, bereknar vi avkastning ved å bruke fiktive fond.

Dei fiktive fonda er i hovudsak knytte til statsobligasjonar som blir haldne til forfall – slik at avkastninga ligg fast over løpetida til obligasjonen. Kvar kunde vel sjølv løpetid på investeringane. Låge statsrenter dei seinare åra har gitt låg og minkande avkastning for dei fleste medlemsbedriftene. Ein konsekvens av dagens modell er at premien for ei enkeltverksemd kan variere stort frå år til år.

Våren 2018 fekk rundt 70 SPK-kundar med fiktive midlar på til saman omkring 45 milliardar berekna individuelle avkastningsparametrar for 2017.

Snittavkastninga var 2,3 prosent – omtrent uendra frå året før. Avviket på 0,7 prosent frå berekningsrenta* svarer samla sett til ein premieeffekt på omkring 330 millionar kroner.

* Rente som blir lagd til grunn ved berekning av den årlege premien for pensjonsordninga.

Produksjonsresultat pensjon

I 2018 viste stikkprøvane våre at 98,1 prosent av nye pensjonar og 96,5 prosent av endringar var korrekte. Av 24 400 nye pensjonar blei 6 betalte ut noko etter fristen.

Fleire detaljar om utbetalingskvaliteten finn du i tabellen i kapittel 3.2.

På den tekniske sida har den viktigaste hendinga i 2018 vore at vi i mai sluttførte moderniseringa av berekningstenestene for pensjonsrettar og -ytingar (regelmotoren). Denne moderniseringa er viktig fordi ho legg til rette for innføringa av nye regelverk i systema våre.

Driftsmessig har året i hovudsak vore prega av å stadig forbetre den løpande drifta. Store og mindre forbetringar blir gjorde heile tida. Vi innarbeider reformer og regelendringar i systema våre slik at ytingane blir korrekte og beteninga av kundar og medlemmar blir god. Men både system og arbeidsformer kan stadig bli betre. Vi prioriterer kontinuerleg forbetring høgt, sjølv om det er krevjande i reformperiodar.

Produksjonsresultat premie

Utrulling av hendingsbasert fakturering følger planen. Hendingsbasert fakturering for skuleverket (lærarar i kommunar og fylkeskommunar) blei ferdigstilt i mai 2018.

Arbeidet med å utvikle nytt system for berekning av premie og reserve har halde på i heile 2018 og følger planen.

Utvikling i talet på pensjonar per årsverk i pensjonerings­området


Bemanninga har vore stabil i ei årrekke. Berekning og saksbehandling av utbetalingar, og vedlikehald av system og rutineverk, la i 2018 beslag på 121,5 av dei 375 årsverka i SPK. I tillegg kjem ressursbruken innan rapportering av arbeidsgivardata, IT, kunde- og medlemsbetening, aktuarberekningar, informasjonsverksemd og anna verksemd som støttar opp under pensjonsprosessen.

Medlems- og kundebetening

Pensjon handlar om meir enn kva den enkelte får utbetalt i kroner og øre. Informasjonen og hjelpa vi gir undervegs i heile medlemsløpet, er ein viktig del av tenestene våre.

SPK er opptatt av å kunne tilby beteningsløysingar som gir god verdi for medlemmar og verksemder, og det er eit klart mål at vi vidareutviklar sjølvbeteningsløysingane våre.

Vi ser at vi i stor grad har klart å lage gode sjølvbeteningsløysingar for enklare spørsmål. Men når kompleksiteten i spørsmåla er større, ser vi at medlemmane vel å kontakte oss på telefon, e-post og chat. Det betyr at det tar lengre tid å svare i desse kanalane. 

I 2018 blei vi totalt sett kontakta omtrent like mange gonger som i 2017. For dei sjølvbetente kanalane ser vi at besøkstala på spk.no auka marginalt med 1 prosent, men at det er 7,2 prosent fleire innloggingar på dei personlege nettsidene for medlemmane.

Sjølvbeteningsgraden held seg på same nivå som i 2017 og er på 88 prosent. Ein stor del av medlemmane våre loggar seg inn på dei personaliserte sidene «Min side medlem» (MSM).

Til saman hadde vi 570 000 innloggingar fordelte på 324 000 unike brukarar – det vil seie at ca. 30 prosent av medlemmane vore har vore inne på sine eigne sider på spk.no.

Vi har ein marginal auke i talet på personar som kontaktar oss. Auken er på 1,2 prosent, men vi ser at endringa i kva slags kanal dei ønsker å nytte når dei kontaktar oss, er stor. Det er ein klar nedgang på telefon (10 prosent), ein klar auke på e-post (12 prosent), og ein særs stor auke på chat (75 prosent).

Dette viser at brukarane våre i stor grad er modne for å bruke ny teknologi. Dette kjem òg til uttrykk i form av at det er blitt fleire som følger oss i sosiale medium, og fleire som les pensjonsbloggen vår.

Kontaktar20172018Endring
Kontaktar vi har betent 165 000 167 000 1.2 %
Per telefon 120 000 109 300 -10.4 %
Per e-post/brev 27 600 30 900 12.0 %
Per chat 15 200 26 700 75.3 %

Både medlemmar og verksemder har sett stor pris på chatløysinga vår, og her ser vi ein stor vekst i volumet.

Behov for betening

Vi ser at behova brukarane har for å vere i kontakt med oss, varierer med livssituasjon og alder. Vi ser òg at behovet for betening varierer stort frå pensjonsyting til pensjonsyting. Behovet er størst når medlemmen skal søke om pensjon, når medlemmen må ha kontakt med andre instansar parallelt (for eksempel NAV), og når pensjonen skal kontrollerast mot inntekt. For eksempel i samband med det årlege etteroppgjeret for uførepensjon og AFP.

Uførepensjonen i seg sjølv kan ein oppleve som vrien å forstå, spesielt for dei som er delvis sjukmelde og har inntekt ved sida av. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre informasjonen i søknadsrettleiarane på spk.no, brev og annan kommunikasjon overfor uførepensjonistane våre. Dette har gjort sitt til at færre totalt kontaktar oss – ned frå 33 878 i 2017 til 31 907 i 2018. Ein nedgang på 6 prosent.

Med omsyn til talet på uførepensjonistar er det likevel mange som kontaktar oss. Det er mange spørsmål kvar gong nokon tar kontakt, og det gjer det tidkrevjande å svare.

Ventetid på kundesenteret


Ventetida har i snitt for heile året blitt forbetra med 45 prosent, og har i snitt vore på 56 sekund i 2018, mot 156 sekund i 2017. Det var noko lengre ventetid dei tre siste månadene. Dette kjem i hovudsak av førespurnader i samband med etteroppgjer på uførepensjonar.

Servicenivå

I 2018 forbetra vi servicenivået vårt på telefon jamført med i 2017. Ventetida har i snitt gått ned, og vi har svart på fleire telefonar enn året før. I 2018 svarte vi på 95 prosent av oppringingane – mot 89 prosent i 2017.

Medlemmar

Vi har digitale løysingar på spk.no som gjer det enkelt for medlemmar å finne informasjon eller få utført oppgåver. Men grunna regelendringar såg vi det som formålstenleg å stenge pensjonskalkulatoren for alle årskull fødde i 1959 og seinare, frå juni 2018.

Avgjerda blei tatt fordi vi i løpet av året fekk nye samordningsreglar og ein avtale som slo fast at vi ville få store endringar i offentleg tenestepensjon. Sidan ingen av desse endringane var implementerte i kalkulatoren, gav han ukorrekte berekningsresultat.

Gjennom heile året arbeidde vi med å implementere dei nye samordningsreglane, og i januar 2019 blei kalkulatoren delvis opna får årskulla 1959–62. Kalkulatoren vil bli stadig meir funksjonell utover i 2019, men berekningsverktøyet blir ikkje komplett før reglane for ny offentleg tenestepensjon blir vedtatt og implementerte.

Vi har oppdatert nettsidene våre med informasjon om nye samordningsreglar. Vi har òg laga informasjon om ny offentleg tenestepensjon, og informasjonen er skreddarsydd for ulike årskull. Men mykje er uvisst, og endringane er vanskelege å forklare.

Eit godt forbetringstiltak

Eit godt eksempel på forbetringsarbeidet vårt er uførepensjon. Trass i at talet på uførepensjonar berre utgjer 25 prosent av både nye og løpande pensjonar, arbeider om lag halvparten av saksbehandlarane i pensjoneringsområdet med uførepensjon.

Uførereforma hadde som uttrykt målsetjing å stimulere til å prøve seg i arbeidslivet. Mange har derfor lønn mens dei får uførepensjon. Det gjer at vi først må berekne ytinga på basis av det medlemmen forventar å tene. Ytinga må så bereknast på nytt når skatteoppgjeret er klart året etter og den faktiske inntekta er kjent. Dette kan innebere at det blir eit etteroppgjer for å krevje tilbake eller etterbetale yting, dersom inntekta ein la til grunn, avvik frå den faktiske. 

Delar av inntekta skal haldast utanfor etteroppgjeret. For eksempel inntekter som ikkje er knytte til same

periode, slik som feriepengar. Før måtte pensjonisten sjølv dokumentere dette, gjerne ved å involvere arbeidsgivaren. SPK sette i gang mange etteroppgjer som vi ikkje hadde trunge å bruke tid på dersom vi hadde hatt tilstrekkeleg detaljerte lønnsdata. Medlemmen hadde vanskeleg for å forstå prosessen, og både medlemmen og SPK brukte unødvendig med tid og ressursar.

Eitt av mange forbetringstiltak i 2018 var derfor å forbetre datautvekslinga med skatteetaten, slik at vi no ikkje berre får informasjon om samla lønn, men òg ein spesifikasjon av feriepengar. Dette sparer mange medlemmar for å bli konfronterte med eit oppgjer som viser seg å vere ugrunna. Vi bruker færre ressursar, fordi vi bruker informasjon som allereie finst i den offentlege forvaltninga, om att – heilt i tråd med målsetjinga om digitaliseringa av Noreg.

«Dette sparer mange medlemmar for å bli konfronterte med eit oppgjer som viser seg å vere ugrunna.»

Kundar

Hovudkanalen mellom oss og kundane (medlemsverksemdene) er sjølvbeteningsløysingane våre på spk.no – sidan SPK ikkje har kontorstader over heile landet.

I 2018 har vi vidareutvikla «Min virksomhet» på spk.no, slik at kundane i endå større grad kan betene seg sjølv og sleppe å ringe oss. Tidlegare har vi vist til at talet på oppringingar frå medlemmane går ned, og at chat blir brukt meir og meir.

Dette gjeld òg for kundane våre, der vi ser endå større endringar i korleis dei bruker oss. Telefonoppringingane frå kundar gjekk ned med heile 23 prosent, mens talet på kontaktar på chat auka med 60 prosent frå 2017.

Les meir i kapittel 3.3.4 – andre aktivitetar og tiltak. Der gjer vi greie for medlems- og kundetilfredsheita – sett samla for heile verksemda. 

Vurdering av resultat – med vekt på produktivitet og ressursbruk

På alle vesentlege område har vi halde oss godt innanfor både kvalitetskrava og effektivitetskrava som er knytte til pensjonsproduktet. Dette fekk vi til sjølv om mange av nøkkelpersonane våre både innan saksbehandling og innan utvikling måtte «dele seg» mellom dagleg drift og reformarbeid. Totalt var 100 personar – inkludert 30–40 konsulentar – involverte i pensjonsprogrammet Pro 25.

Fleire oppgåver blir automatiserte.

Automatiseringsgrad oppgåver og saker


2018 blei 72 prosent av oppgåvene i saksbehandlinga av pensjonar utførte maskinelt. Men prosenten heilautomatiserte saker – saker som går gjennom heile saksbehandlingsgangen utan manuell behandling – var 40 prosent. Dette er ein svak nedgang frå 2017.

Arbeidet med automatisering har gitt effektar òg i 2018. 72 prosent av arbeidsoppgåvene i saksbehandlinga av pensjon er automatiserte, mens det er ein svak nedgang i prosentdelen heilautomatiserte saker.

Dette er i tråd med strategien vår. Vi meiner det er mest å hente på å automatiserte enkeltoppgåver med stort volum og mykje innsparing per investerte krone, framfor å fokusere på å få heile saka sluttført automatisk, noko som kan krevje større investeringar.

Forventningsstyring

Når det gjeld kunde- og medlemsbetening, veit vi frå undersøkingar og omtale av pensjon i media at behovet for aktuell og relevant informasjon er stort.

Men trass informasjonssuget, og trass i at vi måtte stenge av kalkulatoren vår, har det samla talet på kontaktar knytte til pensjon halde seg stabilt. 

Det kan tyde på at ressursane vi har brukt på å forklare kvifor vi ikkje har meir konkret informasjon å gi, førebels har vore tilstrekkeleg til å styre forventningane.

SPKs pensjonsprogram Pro 25

SPK etablerte pensjonsprogrammet Pro 25 seinhaustes 2017, og det har no lagt bak seg sitt første år. Hovudformålet er å setje SPK i stand til å handtere nye samordningsreglar og ny offentleg tenestepensjon – samtidig med andre nødvendige systemtilpassingar og moderniseringsbehov.

Første fasen av programmet (fase I) vil verke i perioden 2017–2022, der å implementere nye samordningsreglar for årskulla 1954–62 vil vere sentralt. Tenestepensjon frå SPK skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningsregelverket regulerer korleis denne samordninga skal vere.

Samordningsreglane blei formelt vedtatt sommaren 2018. Vi er godt i gang med å implementere det nye regelverket og med arbeidet med å utvikle kalkulatoren på spk.no, slik at han kan brukast av årskulla 1954–62.

Vi er òg godt i rute til å ha gode systemløysingar på plass for første pensjonering til januar 2021, då 54-årskullet fyller 67 år.

Eit viktig delprosjekt i fase I er å utvikle ny løysing for premieberekning, som er ein nødvendig konsekvens av pensjonsreforma. I løpet av 2018 har vi komme godt i gang med utviklinga, og prosjektet vil gå fram mot sommaren 2022.

Eit anna delprosjekt i fase I er å oppdatere arbeidsflata i saksbehandlingssystemet vårt, både for å sikre nødvendige tekniske oppgraderingar, og ikkje minst for å takle behandling av nytt regelverk og møte behovet for effektiv saksbehandling i framtida. Her har vi hatt våre første leveransar hausten 2018: eit verktøy for å simulere effekten av nytt samordningsregelverk på ny arbeidsflate.

Fase II av programmet gjeld eit heilt nytt regelverk for alle årskulla som er fødde i 1963 og seinare. Dette regelverket gjeld alderspensjon og AFP for desse årskulla. Fase II av programmet blir starta opp i 2019 og strekker seg til og med året 2025.

SPK har starta planlegginga av fase II av programmet, der innføring av ny offentleg tenestepensjon vil stå sentralt, basert på høyringsnotatet som blei sendt ut hausten 2018. Generelt har vi vore opptatt av å sikre at vi bygger framtidsretta løysingar tilpassa behova til brukarane.

* Rente som blir lagd til grunn ved berekning av den årlege premien for pensjonsordninga.