Kapittel 3.3

Utgreiing om produkt- og tenesteområda våre

I ei forvaltingsbedrift er det ikkje botnlinja som fortel kva verdiar vi skaper i løpet av eit år. For å vise verdien av arbeidet vårt, må vi fortelje kva vi oppnår – både samla som organisasjon og innanfor kvart produkt- og tenesteområde.

I dette kapittelet finn du fire delkapittel. Tre av delkapitla handlar om hovudprodukta våre – pensjon, personskadeforsikring og lån. Det fjerde er eit samlekapittel som fortel om spesielle aktivitetar og tiltak.

Frå linje til prosess

SPK er ein linjeorganisasjon. Men svært mange av leveransane våre er avhengige av prosessar som går på tvers av dei obligatoriske skiljelinjene. Du vil sjå at utgreiingane for pensjon, personskade og lån omfattar innsats frå fleire forretnings- og støtteområde.

Slik er kapittel 3.3 delt inn: