Kapittel 3: Årets aktiviteter og resultater

Samla vurdering av aktivitetar, resultat og ressursbruk

Samla sett har vi levert godt når det gjeld dagleg drift og utvikling i 2018. Vi har i stort gjennomført dei strategiske tiltaka våre, og pensjonsprogrammet Pro 25 går etter planen. Men vi ser at utviklingsoppgåvene i samband med nytt regelverk i nokon grad har gått på kostnad av det kontinuerlege forbetringsarbeidet innanfor dagleg drift.
  • Statens pensjonskasse har oppfylt alle vesentlege mål og resultatkrav i tildelingsbrevet.
  • Vi hadde ein svak auke i omsetninga. Primært som følge av ekstraordinært låge pensjonskostnader for eigne tilsette i 2017 har vi levert eit samla driftsresultat som er 33,3 millionar kroner svakare enn fjoråret.
  • For første gong på særs lenge ser vi at den årvisse auken i produktivitet har bremsa opp, då administrasjonskostnader i prosent av premiereserven i 2018 viser ein auke frå 0,085 til 0,088. Produktiviteten vår ligg framleis på eit særs høgt nivå, men vi nådde ikkje det interne målet om ein årleg produktivitetsvekst på 2–3 prosent.*

Effektiv drift er ei sentral føring frå Arbeids- og sosialdepartementet i dei årlege tildelingsbreva. Og produktivitetsvekst har vore – og er – eit hovudspor i SPKs interne strategi.

Gjennom kontinuerleg forbetring av verktøy og arbeidsprosessar har vi år etter år vore i stand til å forbetre driftsresultatet vårt og nå nye produktivitetsmål. I 2018 såg vi at denne positive trenden stoppa opp. Det er ikkje unaturleg i ei reformtid.

Har prioritert dagleg drift

Gjennomsnittleg årsverk i 2018 var 375. Det er 5 fleire enn i 2017. I tillegg har vi hatt ca. 40 IT-konsulentar, som i tråd med IT-strategien vår har arbeidd med både utviklingsoppgåver og dagleg drift.

Sjølv i ein heftig reformperiode er det alltid den daglege drifta som må prioriterast. Det har vi gjort, og derfor ser vi at vi òg i 2018 har greidd å innfri det viktigaste kravet: rett pensjon og premie til rett tid.

Det nest viktigaste kravet er å gjere SPK i stand til å handtere nytt regelverk. Sidan arbeidsoppgåvene i samband med reformarbeidet har kravd store ressursar både frå utviklarane og frå forretnings- og støtteområda i linja, har det fått verknader for det kontinuerlege forbetringsarbeidet.

Det betyr ikkje at vi har slutta å leite etter forbetringsmoglegheiter i arbeidsprosessane våre. Det betyr heller ikkje at 2018 har vore eit år utan forbetringar i saksbehandlingssystema og beteningsløysingane vi har i dag. Tvert imot. Vi har forbetra oss. Vi ser for eksempel at automatiseringa av arbeidsoppgåvene i pensjonsprosessen har gått opp frå 70 til 72 prosent.

Men mens vi hittil i stor grad har prioritert dei «lågthengande fruktene» – mindre forbetringstiltak med stor effekt – ser vi at det no er lenger mellom desse «fruktene» som krev relativt få ressursar. I ei reformtid der vi må prioritere stramt mellom utvikling og dagleg drift, blir det færre forbetringstiltak som har så høg kost/nytte-verdi at dei når opp i prioriteringa.

Sett i lys av dette er vi særs nøgde med at vi har greidd å forbetre prosessane våre og auke effektiviteten per årsverk innan både pensjon og personskade, sjølv om SPK samla sett ikkje nådde det interne produktivitetsmålet vårt.

Endringer som har betydning for daglig drift

  • Talet på alderspensjonar har auka med 4,4 prosent – til 205 000.
  • Talet på særalderspensjonar har auka med 4,9 prosent – til 12 000.
  • Talet på AFP-pensjonar og etterlatnepensjonar har òg auka, mens talet på uførepensjonar har gått noko ned. For desse to ytingane skal vi rekne ut etteroppgjer etter regelverk som er vanskelege å forklare.
  • Talet på lånekundar sokk med 11 prosent. Men vi innfridde færre lån, og talet på lånesøknader auka med 37 prosent.
  • Talet på innmelde personskadesaker har gått noko ned.
  • Antall alderspensjoner har økt med 3,7 prosent og utgjør nær to tredjedeler av totalt antall pensjoner.
  • Antall AFP-pensjoner har økt med 4,7 prosent, mens antall uførepensjoner har gått ned med 0,1 prosent. Uføre og AFP utgjør over 50 000 pensjoner, som vi skal beregne etteroppgjør for. Etteroppgjørene er ofte kompliserte å forklare, og de genererer mange henvendelser til kundesenteret.
  • Vi innfridde færre lån og flere søkte om nye lån hos oss i 2017 enn i 2016. Men det var flere som forlot oss enn nye som kom til, så nedgangen i antall lånekunder fortsatte.
  • Antall innmeldte personskadesaker har holdt seg stabilt.

Utvikling på sikt

Dei tunge regelverks- og teknologiprosjekta, som SPK har gjennomført og skal gjennomføre i samband med reformer, er i stor grad «må»-prosjekt vi må gjennomføre for å vere i stand til å handtere regelendringane.

Dette er altså ikkje effektiviseringsprosjekt, men vi legg stor vekt på å prøve å utnytte moglegheitene som byr seg når vi vidareutviklar systemløysingar og arbeidsprosessar.

Mesteparten av systemutviklinga i 2018 har skjedd i pensjonsprogrammet Pro 25, der vi har samla utviklingsoppgåver knytte til implementering av nytt samordningsregelverk (fase 1) og ny offentleg tenestepensjon (fase 2).

Ved slutten av året var vi i rute med framdriftsplanen, men det har vore utfordrande å få inn tilstrekkelege utviklings- og IT-ressursar. (Sjå meir om Pro 25 i kapittel 3.3.1.)

Utviklingstiltak utanfor Pro 25

I tillegg til utviklinga i pensjonsprogrammet har vi gjennomført 12 utviklingstiltak. Dette er dei mest sentrale:

  • Vi har skifta ut regelmotoren, som er sjølve «hjartet» i pensjonssystemet vårt. Prosjektet starta opp i 2016 og blei ferdigstilt hausten 2018. Det er viktig å ha fått på plass ny regelmotor før vi skal implementere nytt regelverk gjennom pensjonsprogrammet.
  • Vi har dei seinare åra innført hendingsbasert fakturering for eit utval av medlemsverksemdene våre. I 2018 har vi ferdigstilt systemløysinga til òg å berekne hendingsbasert fakturering for lærarar i alle kommunar og fylkeskommunar.
  • Vi har starta arbeidet med å innføre eit samhandlingsverktøy, Office 365, i heile verksemda. Dette er eit viktig verktøy for å sikre betre dokumenthandtering, samhandlinga i grupper og prosjekt, informasjonsflyten og kunnskaps- og erfaringsdeling.

* For å samanlikne ulike aktørar i bransjen blir pensjonsrelaterte administrasjonskostnader berekna som prosentdel av den totale premiereserven (opptente pensjonsrettar). Det gir ein prosentsats som viser kostnadsnivå.

Last ned heile kapittel 3