Kapittel 1

Melding frå leiaren

2018 blir eit merkeår i historia vår. 3. mars blei det inngått ein avtale mellom staten ved Arbeids- og sosialdepartementet og partane i arbeidslivet.

Avtalen inneber den største endringa i hovudytinga vår – alderspensjon – sidan Statens pensjonskasse blei etablert i 1917.  Dette er ei reform vi er særs godt nøgde med.

Gjennomføringa av avtalen vil vere den største utfordringa for oss dei kommande åra. Reformarbeid vil prege framtida vår, og reformarbeidet har prega oss i 2018.

Ein balansegang

Finn MelbøVi har – og vil få – utfordringar langs fleire dimensjonar: IT-systema som må endrast, vil krevje store investeringar innanfor knappe tidsrammer. Samtidig som vi gjennomfører store prosjekt, skal den daglege drifta vår vere effektiv og god. Det krev at vi balanserer godt og prioriterer riktig.

Avtalen inneber at det blir fleire variantar av alderspensjon for ulike medlemsårskull. Det krev at vi må satse mykje på å tilpasse informasjonen vår til dei ulike behova medlemmane våre har. Investeringane vi gjorde i 2018, og investeringane vi skal gjere framover, er i stor grad «må»-investeringar. Samtidig har vi ambisjonar om at vi skal utnytte moglegheitene dei store investeringane gir, til å forbetre tenestene våre for brukarane.

Første året med pensjonsprogrammet Pro 25

Implementeringa av reforma er organisert i eit eige program med fleire delprosjekt og fasar. Alt skal vere gjennomført innan 2025 – derfor kallar vi pensjonsprogrammet vårt Pro 25.

Den første fasen av programmet starta opp på nyåret med vekt på å gjere SPK i stand til å handtere nye samordningsreglar for årskulla 1954 til 1962. Programmet har komme godt i gang og er i hovudsak i rute når det gjeld både framdrift, kostnad og kvalitet.

Regelendringane treffer alle delar av verksemda vår. I tråd med SPKs utviklingsstrategi betyr det at både forretningsområda og støtteområda våre er sterkt involverte i dei ulike utviklingsprosjekta i Pro 25. Prosjektarbeidet skjer ved sida av daglege driftsoppgåver, og vi ser at det kontinuerlege forbetringsarbeidet i linja derfor har hatt lågare prioritet i 2018. Likevel har vi levert gode resultat.

Resultat i 2018

Samla sett har det resultatmessig vore eit særs tilfredsstillande år både for den daglege drifta og for utviklingsprosjekta våre.

I alt vesentleg har vi innfridd både departementet sine krav i tildelingsbrevet og SPKs interne mål. 

  • Vi har innfridd krava til utbetaling av ytingar og krava til fastsetjing og innkrevjing av premie.
  • Vi har høg kunde- og medlemstilfredsheit. 82 prosent av medlemsverksemdene våre og 79 prosent av medlemmane våre er godt nøgde med oss.
  • SPK skårar høgt i omdømmeundersøkingar i offentleg sektor – topp 10. Vi hadde framgang i omdømmemålinga i 2018, etter at vi opplevde eit fall i undersøkinga i fjor.
  • Utvida låneramme i tariffoppgjeret i mai 2018 førte til ein stor auke i talet på lånesøknader, og behandlingstida blei for lang. Vi har sett i verk tiltak for å auke saksbehandlingskapasiteten.
  • Dei økonomiske resultata er gjennomgåande gode.

På driftssida blei resultatkravet på 18,2 millionar kroner oppnådd, vi finansierte investeringar for 75 millionar kroner og sette av 23,8 millionar kroner til reguleringsfondet. Vi har framleis god kostnadskontroll, sjølv om reformperioden vi går inn i no, skaper eit forsterka kostnadspress.

Premieinntekter og utbetalingar til pensjon har auka med høvesvis 8,9 og 4,4 prosent. Dei viktigaste forklaringane bak dette er lønnsvekst, justering av G-beløpet og auke i talet på aktive og pensjonistar. Samla opptente pensjonsrettar for dei ordningane SPK administrerer, har auka med 4 prosent til 551 milliardar kroner.*

I låneordningane har samla utlån falle med 13,1 prosent til 42,7 milliardar kroner. Nedgangen har bremsa noko jamført med 2017, som følge av utvida låneramme og gunstig renteutvikling i forhold til marknaden.

Styring, kontroll og tryggleik

SPK har god styring og kontroll på verksemda og fekk rein revisjonsmelding frå Riksrevisjonen.

Gjennom året har vi gjennomført fleire internrevisjonsaktivitetar, blant anna gjennomgang av innkjøpsprosessen, varslingsordninga vår og avgjerdsprosessane våre. Konklusjonen til internrevisoren er at SPK har eit modent og godt regime for internkontroll, og at det er på plass planverk, budsjett, styringsdokument og rapporteringar som dekker breidda av organisasjonen. 

Vi vurderer tryggleikssituasjonen i SPK som tilfredsstillande og relativt uforandra jamført med føregåande år. SPK gjennomfører kontinuerleg større og mindre tiltak for å forbetre tryggleiken. Samtidig ser vi ei stadig endring i trusselbildet, og krava til tryggleik er blitt strengare. Vi meiner det er ein tilfredsstillande balanse mellom dei forbetringsbehova vi har sett, og dei tiltaka vi har gjennomført.

Som i året før var mykje av tryggleiksarbeidet i 2018 retta mot å tilfredsstille krava i den nye personopplysningslova og dei konsekvensane GDPR (General Data Protection Regulation) har for saksbehandling og systemløysingar i SPK. Ei rekke tiltak er gjennomførte i løpet av året for å bringe system og prosessar i tråd med nytt lovverk. SPK hadde ingen alvorlege eller kritiske hendingar knytte til personvern eller informasjonstryggleik i 2018.

Organisasjonen

Dei gode resultata i 2018 kjem i stor grad av to innsatsfaktorar: kompetansen, innsatsen og engasjementet til dei tilsette kombinert med ein moderne IT-systempark.

I 2018 har vi jobba målretta for å få ned sjukefråværet. Det har gitt gode resultat. Det samla sjukefråværet er redusert frå 5,8 prosent i 2017 til 5 prosent i 2018 – ein nedgang på 14 prosent. Det legemelde sjukefråværet var 3,3 prosent.

Ei medarbeidarundersøking i januar 2019 viser dessutan at vi har ein organisasjon som skårar høgt på engasjement og gjennomføringsevne. Samtidig går det fram av undersøkinga at dei tilsette opplever at dei får god støtte i arbeidet, frå både kollegaer og leiinga.

Dette er viktige føresetnader for å levere gode resultat og viktig for arbeidsmiljøet generelt. Det er dessutan god ballast å ha med seg inn i ei utfordrande framtid.

Finn Melbøs signatur
Finn Melbø
administrerande direktør

Sjå rekneskapsnote 10 for fordeling på dei enkelte ordningane og kva som inngår i rekneskapen til SPK.

Last ned heile kapittel 1