Årsrapport 2018

2018 blir eit merkeår i historia vår. 3. mars blei det inngått ein avtale som inneber den største endringa i hovudytinga vår - alderspensjon - sidan Statens pensjonskasse blei oppretta i 1917. Denne rapporten er prega av endringane vi står oppe i. Men vi fortel også om eit år med gode resultat både for den daglege drifta og dei store utviklingsprosjekta våre.