Kapittel 4:

Styring og kontroll i verksemda

SPK har god styring og kontroll på verksemda. Vi har nådd alle vesentlege mål og resultatkrav fastsette av fagdepartementet vårt, og vi hadde ingen merknader i revisjonsmeldinga frå Riksrevisjonen for 2013. Internrevisjonen viste også at SPK har god styring og kontroll.

Etatsstyring

Styringsdialogen mellom Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) og SPK er open og konstruktiv, og gir tydeleg retning for den vidare utviklinga av verksemda.

Ei viktig sak i 2014 har vore den eksterne evalueringa av tilknytingsforma til SPK, som konkluderte med at forvaltingsbedriftsforma skal vidareførast. Tilpassing av SPK sin prismodell og utvikling av meir presise parametrar for effektivitet er eksempel på punkt frå evalueringsrapporten,
som blir følgde opp vidare. Innfasing av nye pensjonsregelverk, forbetring av premiesystemet og
handteringa av personskadesaker for Forsvaret er andre vesentlege punkt i dialogen i 2014.

Intern styring av verksemda

Mål- og resultatstyring

I 2014 har SPK arbeidd med operasjonalisering av strategiplanen for perioden 2014-16. Dei overordna måla er brotne ned i strategikart for dei ulike forretningsområda og støtteområda, og ansvar for delmål og tiltak er fordelte nedover i organisasjonen.

Vidare har arbeidet vore grunnlaget for budsjettet for 2015. Det vert spegla i prioriteringa av dei strategiske tiltaka for 2015.

Rekneskapsutvikling og økonomisk styring

SPK har over fleire år nytta periodiserte rekneskapar i SPK Forvaltning, og har med små tilpassingar og unnatak tilpassa seg dei statlege rekneskapsstandardane (SRS). Dette gir vesentleg betre styringsinformasjon enn kontantbaserte rekneskapar.

SPK har dei siste åra gjort mange tilpassingar for å tilfredsstille krava frå myndigheitene knytt til blant anna ny statleg kontoplan, innføring av e-faktura i tråd med EHF-standarden - og innføring av ny A-melding, med verknad frå 2015. Tilpassingane har vore vellukka, og vi forventar interne og eksterne gevinstar over tid.

Innanfor pensjonsområdet har ASD, Finansdepartementet og SPK diskutert vidareutvikling og felles prinsipp for prognosemodellar og rapportering, for å skaffe betre oversikt og forståing i den sentrale oppfølginga. Dette arbeidet blir vidareført i 2015.

Risikostyring og internkontroll

SPK vurderer risikoar i forhold til målretta og effektiv drift, påliteleg rapportering og til å halde lover og reglar. Totalrisikobiletet ved utgangen av 2014 viser at dei største risikoane er knytte til det å kunne gi kundar og medlemmer tilstrekkeleg informasjon om framtidig pensjon når regelverksavklaringar trekkjer ut i tid, samt at dagens rentemarknad skaper uvisse rundt framtidig lånevolum. SPK jobbar aktivt med tiltak rundt dette.

Gjennomgangen frå internrevisjonen i 2014 viser at SPK i det store og heile har god styring og kontroll på prosessane sine, men det er eit potensiale for å bli meir effektiv i arbeidsmåte og dokumentasjon av rutinar. Frå Riksrevisjonen fekk SPK rein revisjonsmelding for 2013 - både for SPK forsikring og SPK forvalting.

Vi har etablert risikokartlegging kvart tertial, med tilhøyrande oppfølging, som standard praksis. I 2014 har vi fått på plass eit risikoregister som gjer at vi kan sjå risikoar på tvers av organisatoriske einingar og risikokategoriar.

I tida framover skal vi heve kvaliteten ytterlegare og bli enda betre på det vi allereie gjer. Vi vil ha auka prosessperspektiv på risikokartlegginga, samt integrere risikostyring og internkontroll enda tettare med mål- og resultatstyring.

Tryggleik og beredskap

Den årlege risikovurderinga av tryggleiken, viser at tilstanden er akseptabel. Linja har gjennomførd ei rekkje tiltak på område der vi har avdekt utfordringar. Vi har ikkje avdekt nye risikoar.

Internrevisjonen har revidert styringssystemet vårt for informasjonstryggleik. Konklusjonen er at styringssystemet fungerer, og det er kjent og implementert i verksemda. Tilrådingane til internrevisjonen er tekne til etterretning og blir følgt opp.

Gjennom året har vi tydeleggjort roller knytt til å handtere personopplysingar og etablert eit breitt samansett samarbeidsforum. Resultata frå den årlege målinga vår av tryggleikskultur viser positiv utvikling på dei fleste område. I samanheng med nasjonal månad for tryggleik i oktober inviterte vi eksterne forelesarar og initierte obligatorisk e-læringskurs for alle tilsette.

SPK gjennomførde ei større beredskapsøving i årsskiftet 2013-2014. Beredskapsplanar er ajourførte gjennom 2014.

I2015 vil vi jobbe med å tydeleggjere krav til avviksrapportering,bli enda betre på analysar for risiko og sårbarhet, og sørgje for at merksemda blir halden oppe. Til våren vil vi utnytte moglegheitene som ligg i flytting til nytt bygg, og tilpasse arbeidet med tryggleik og sikkerhet til nye omgjevnader.

Forretningsutvikling

I 2014 har vi etablert ein treårig tiltaksplan som støttar opp under måla til SPK på kort og lang sikt. På grunnlag av denne planen, vedtek vi årlege tiltaksplanar som det er einigheit om på tvers av forretningsområda i SPK

SPK styrer utviklingsporteføljen på kost, tid og innhald. I 2014 har vi vidareutvikla både vurderinga av usikkerhet for porteføljen og risikostyringa av tiltaka. Dette har betra styringa, og prosjekta har levert godt på kost, tid og innhald.

Vi har fokus på å betre og dokumentere gevinstane av porteføljen vår. Vi starta arbeidet i 2014, og vi held fram i 2015.

I løpet av 2014 har vi vidareutvikla vår felles prosessmodell. Den er no under innføring i forretningsområda våre. Dette vil kunne skape auka fokus på heilheita og betre styring av prosessane som går på tvers av forretningsområda. I tillegg blir det lettare å avdekkje flaskehalsar, tydeleggjere roller og auke effektiviteten (Sjå kapittel 3.3).

Utfordringar og framtidsambisjonar

Det er eit mål for SPK å etablere ei profesjonell styring og utvikling av verksemda, slik at vi når måla våre på kort og lang sikt. For at vi skal lukkast med dette, vil vi vidareføre arbeidet vårt med å etablere ein godt fungerande, desentralisert styringsmodell. Vidare vil vi fortsetje arbeidet med å legge til rette for ei organisasjonsutvikling som fokuserer på heilskaplege leveranseprosessar og kontinuerleg forbetring.

Ein god og føreseieleg styringsdialog med eigar er ein føresetnad for god styring og kontroll. SPK vil derfor ogsåframover ha fokus på vidareutvikling av styringsprosessane våre mot Arbeids- og sosialdepartementet (ASD).

Last ned hele kapittel 4