Kapittel 1:

Leders beretning

I 2014 greide vi det igjen. Vi gjennomførde eit stort reformarbeid, samtidig som den daglege drifta gjekk som den skulle. Samla sett har ressursbruken vore på omtrent same nivå som i 2013 - sjølv om volumet av tenestene våre har auka.

Medlemmene skal få riktige utbetalingar, kundane skal få rett premie, og både medlemmer, kundar og samfunnet elles, skal få den informasjonen dei treng. Leveransane frå oss skal komme i rett tid, og vi skal forvalte pensjonsrettar, som tilsvarer nesten 500 milliardar kroner, så kostnadseffektivt som mogeleg.

Slik kan vi summere dei viktigaste punkta i samfunnsoppdraget vårt - og dei viktigaste punkta i tildelingsbrevet frå departementet.

Finn MelbøFinn Melbø er administrerande direktør i Statens pensjonskasse.

Vi leverte

I 2014 leverte vi på alle desse punkta. Vi oppnådde alle vesentlege mål og resultatkrav i tildelingsbrevet. Drifta var stabil. Vi hadde god styring på verksemda. Og ikkje minst - vi har handtert ein vesentleg auke i volumet av tenestene våre, samtidig som vi har halde kostnadsveksten nede. Dette er ein klar indikasjon på at vi lukkast med å effektivisere verksemda vår, og det er eg god fornøgd med. Ikkje minst fordi vi samtidig har brukt mykje ressursar til å gjennomføre uførereforma på ein vellukka måte.

Dette betyr at vi har oppfylt lovnaden om å utnytte stordriftsfordelen vår for å drive så kostnadseffektivt som mogeleg. Men det betyr ikkje at vi kan slappe av. Sjølv meiner vi at vi har meir å hente. Og vi meiner at det er i pensjoneringsprosessen - som aleine representerer rundt 80 prosent av kostnadsbasen vår - at effektiviseringspotensialet er størst.

Vi er fornøgde med at vi har fått gjennomført fleire utbetringstiltak, for eksempel innanfor pensjonering og lån (dei er omtalte i kapittel 3). Men det er mange små og større tiltak med god forventa kost/nytte-verdi som vi har vore nøydde til å nedprioritere, fordi vi har måtta bruke utviklingskapasiteten vår på reformarbeid og andre såkalla må-oppgåver. Prioritering mellom utvikling og dagleg drift er eit tema som har prega 2014, og som går igjen i denne rapporten.

Uførereforma var hovudutfordringa vår

I oktober 2010 nådde Statens pensjonskasse ein milepæl: Vi ferdigstilte utviklinga av eit nytt og stort saksbehandlingssystem tilpassa ny folketrygd.

I oktober 2014 kunne vi konstatere at vi også rakk neste fase i pensjonsreforma - implementering av ny uførepensjon. Nok ein gong hadde vi klart å gjere store endringar i systema våre. Nok ein gong hadde vi drege mange saksbehandlarar og andre fagfolk ut av dagleg drift og inn i utviklingsprosjektet, for å sikre at endringane vi gjorde, blei riktige.

I 2010 var nervane på høgkant. I 2014 var det nærmast «business as usual», fordi vi kunne byggje på erfaringar frå Perform-prosjektet* i gjennomføring av store utviklingsprosjekt.

Tillit og omdømme er ferskvare

Det var ei forventning om at SPK ville greie å implementere uførereforma i tide. Det er også ei forventning «der ute» om at Statens pensjonskasse skal utføre samfunnsansvaret sitt og bli oppfatta som den trygge «kassa». I 2014, som tidlegare år, låg SPK i toppen av bransjemålingar som viser tilliten i befolkninga.

Det er fint å vere på toppen av positive målingar. Det var også tilfredsstillande for oss å lese grunngivinga for at regjeringa i 2014 vedtok at SPK framleis skal vere ei forvaltingsbedrift.

Då SPK gjekk frå å vere eit vanleg forvaltingsorgan til forvaltingsbedrift i 2001, var det under forutsetning av at ordninga skulle evaluerast. Den eksterne evalueringa, som blei gjort på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet, konkluderte blant anna med at «Statens pensjonskasse har god måloppnåelse», og det stemmer med mi eiga vurdering. Men det betyr ikkje at vi kan slappe av.

Vi flytter oss

På nokre område må vi endre oss, fordi nye reglar og ytre krav krev det av oss. Andre gonger ønskjer vi å endre fordi vi ser at måten vi er organisert på, eller gjer ting på, ikkje lenger er smart. Uansett årsak, er endringskompetanse naudsynt for ei verksemd som SPK.

I samband med at leigekontrakten for noverande lokale på Frøen gjekk ut, bestemte vi oss for å bruke fysisk endring som ein katalysator for organisasjonsutvikling. I løpet av våren 2015 flytter vi til nybygde lokale på Skøyen, og parallelt med det fysiske flytteprosjektet har vi starta eit to år langt organisasjons-og leiarutviklingsprogram som skal hjelpe oss til å utnytte rommet flyttinga gir. 

Vi har valt forbetre, samhandle og levere som verdiorda våre, fordi desse orda er kjernebegrep i strategien vår.

Ser fram til ei ansvarsreform

I tillegg til å drive kontinuerleg betring i eiga drift, har Statens pensjonskasse ei viktig rolle i arbeidet med å skape ein berekraftig offentleg tenestepensjon. Det betyr at vi i den komande diskusjonen om nytt regelverk for medlemmer fødde etter 1953, vil ta til orde for å få eit tenestepensjonssystem som er godt tilpassa ny folketrygd.

Vi har også vore - og kjem framleis til å vere - aktive i arbeidet med å få til ein betre premiemodell.

I dag har vi ein premiemodell som gjer at nokre av kundane våre ikkje treng å tenkje på kva pensjonsordninga faktisk kostar. Vi har gjort analysar som viser at det er ein klar samanheng mellom kor mykje av kostnadene verksemda sjølv blir belasta for og kor stort kostnadsmedvit dei viser. I SPK er vi svært fornøgde med at Arbeids- og sosialdepartementet no har starta ein gjennomgang av dagens premiemodell. Dette kjem vi tilbake til i kapittel 5.

Finn Melbøs signatur
Finn Melbø
Administrerande direktør

* Perform var eit av dei største IT-baserte omstillingsprosjekta i offentleg sektor. Det varte i fire år (2008-2012). Målet var å byggje nytt saksbehandlingssystem på ny teknisk plattform slik at SPK blei i stand til å gjennomføre pensjonsreforma og andre politiske vedtak som fall saman med pensjonsreforma i tid. Prosjektet leverte på tid, kvalitet og pris.