Lansering av nye nettsider

Vi har pussa opp!

Det siste året har vi jobba med å fornye og forbetre nettstaden vår. I dag lanserer vi første steg i oppussingsarbeidet. Velkommen til «nye» spk.no!

Publisert 11.11.2021

Forsiden til nye spk.no

Framsida er heilt ny og det same er neste nivå: temasidene.

Vi har forbetra navigasjonen i hovudmenyen slik at det skal vere lettare å finne informasjonen du er på jakt etter. Det er nå livshendingar som er utgangspunkt for menyen og innhaldet på sidene. For eksempel handlar menypunktet «Liv og helse» om kva du treng vite i situasjonar som handlar om helse og skadar.

Søket er også blitt betre, slik at du no får meir relevante treff når du søker etter konkret informasjon. 70 prosent av innhaldet er skriven om, og informasjonen du finn skal vere lettare å forstå enn før.

Oppussinga fortset i 2021

Alle endringar vi gjer på spk.no skjer i tett samarbeid med eit utval av brukarane våre. Saman med dei får vi innsikt i kva brukarane treng av informasjon og tenester. Vi bruker innsikt til å lage enkle pilotar som brukarane testar, slik at vi får tilbakemeldingar før vi lanserer nye endringar. Vi håper du har forståing for at nokre av sidene derfor vil vere under oppussing ei god stund til.

Kva synest du? Di tilbakemelding er viktige for oss!

Dersom du ikkje finn fram, eller ser noko som er spesielt bra eller dårleg, vil vi gjerne høyre frå deg. Du kan gi oss tilbakemelding ved å klikke på lekkja med teksten «Fant du det du lette etter», som du finn nedst på dei fleste sidene.