AFP etteroppgjer for 2017

Frå og med veke 3 gjennomfører vi etteroppgjer for avtalefesta pensjon (AFP) for inntektsåret 2017. Har du hatt inntekt i tillegg til AFP frå Statens pensjonskasse i 2017 vil du få brev frå oss.

Når skatteoppgjeret er klart, gjennomfører Statens pensjonskasse etteroppgjer for AFP for å sjekke om du har fått riktig utbetalt pensjon.

Merk at dersom du er mellom 62 og 64 år er det NAV som gjennomfører etteroppgjer. Frå året du fyller 65, er det SPK som bereknar etteroppgjeret.

Kva er etteroppgjer?

I etteroppgjeret samanliknar vi inntektsopplysningane frå skattemyndighetene, med inntekta som var lagt til grunn for utbetaling av AFP for dette året.

Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gikk av med pensjon – avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Då får du enten etterbetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.

Vi informerer via brev

Du vil få brev fra oss i januar om etteroppgjeret dersom du var 65 år eller eldre i 2017, og hadde inntekt i tillegg til AFP. I brevet informerer vi om inntektsopplysningane vi har mottatt, og kva du eventuelt må gjere før vi gjennomfører etteroppgjeret.

Inntekt som skal haldast utanfor oppgjeret

I utgangspunktet skal all pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, også inngå i etteroppgjeret.

Inntekt tent opp før du tok ut AFP skal imidlertid haldast utanfor. Følgande inntekt skal difor ikkje inngå i oppgjeret

  • Inntekt du hadde før du tok ut AFP første gang.
  • Feriepengar utbetalt i 2017 som kjem frå arbeid før du tok ut AFP.
  • Inntekt opptent etter at du fylte 67 år.

Opplysningane vi får frå Skatteetaten viser all inntekt du har hatt i løpet av året, men viser ikkje når inntekta er tent opp. Det er difor viktig at du gir oss beskjed om inntekt som påverkar oppgjeret.

I brevet frå oss informerer vi om kva slags dokumentasjon du må sende oss, samt frist for innsending, dersom du har inntekt som skal haldast utanfor.

NAV gjennomfører eige etteroppgjer

NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år, og har allereie gjennomført etteroppgjer for 2017.

Frå året du fyller 65 år, er det SPK som gjennomfører etteroppgjeret.